søndag 28. april 2013

Vårstemning og seksåring i huset!

Tirsdag vart Lukas 6år!! Og er snart skulegut. Utruleg kor fort det går. I år vart det enkel feiring med kake i barnehagen og familieselskap heime.

Fantastisk vær i Tromsø for tida,i tillegg har mykje av snøen smelta så då kjem vårstemninga.(ifølge lokalbefolkninga berre midlertidig og fram til neste snøfall,men men)

Denne helga er det tromsøturnering i fotball for Nora og isak. Fotball heile helga med andre ord........
I dag var siste kampen kl.09 så då får ein masse ut av søndagen. Kom meg ut på årets første joggetur utendørs. Thomas tok med gutane på sykkel så då hadde eg selskap heile vegen. Me tok turen til "BUKTA",som er stranda i Tromsø. Flott plass og masse kjekt å leite etter i fjæra.

No har alle ungane reist ut med kompisar . Eg og Thomas kosar oss med god lunsj og ladar opp til helgas siste kamp: TIL- Haugesund.

Håpar de har hatt ei flott helg!
Klem frå Tromsø

torsdag 18. april 2013

Vinteraktivitetsdag og andre aktivitetar

Det er helg igjen og sola skin i Tromsø. Har vore litt sjukdom i heimen siste tida,men i dag er alle friske. Denne veka hare vore på foreldremøte på ungdomskulen,spennande haust i vente. Nora bestemte seg for å ta Fransk. Så no er det berre for meg å hente fram att språkkunnskapane.

Torsdag hadde me vinteraktivitetsdag på skulen i Håkøybotn på Kvaløya. Eg fekk innføring i «yukigassen» (organisert snøkrig). Kjempeartig leik,basen min vann sjølvsagt alle kampane sine.........
Det vart også tid til  bålkos og masing med dei kjempegreie kollegaene mine.
Fredag  var det ny omgang med spysjuke i heimen så eg fekk ein roleg dag heime med Lukas.

Nora og Isak hadde også fri, Isak var i bursdag og reiste vidare på hyttetur med ein kompis. Utpå dagen kvikna Lukas til og fekk seg ein tur på bowling. På kvelden vart Nora med Thomas på joggetur til bukta før me avslutta med tv kos og nachos.

I dag reiser Thomas til Ålesund,så eg, Nora og Lukas må greie oss aleine.
Planen for dagen er "dinodag" på museet og joggeskokjøp til Nora.

Håpar de har hatt fin start på helga! Klem frå Tromsø.

mandag 15. april 2013

April i Tromsø

Det er mandag og her kjem ei litt sein oppsummering av forrige veke, stort sett ei ganske vanleg veke.

Det har vore kjempeflott vær heile veka og det har faktisk stoppa å snø, men vegane er no fulle av slaps, så det er ikkje så lett å komme seg fram på sidevegane.

Lukas har som vanleg vore på svømmekurs to dagar, hadde siste dagen på Pingvinkurset i dag, neste veke startar selungekurs.....
 Isak er fremdeles på piano, skitrening og fotball, og i dag laga skilaget Harlem shake ( skal prøve å finne video). 
Nora har hatt dei vanlege fotballtreningane og i går var det sonesamling for uttak til kretslaget for Nora i Tromsdalen. Sidan fotballbanen ligg rett attmed skistadion,fekk resten av familien seg ein fin skitur medan ho trente. I går  ettermiddag var det kamp på Alfheim,men "gutan" gjekk på første tapet.
Ha ei fin veke! 

lørdag 13. april 2013

Helg!!

Då er det helg igjen. Fredag er beste dagen. Tidleg ferdig på jobb og to heile dagar fri.......
I går tok eg og Thomas med oss Lukas på ski etter barnehagen. Sol,flott skiføre og god niste i sekken. Kan det bli bedre?



Etterpå feira eg helg med sushi frå Rå sushibar. Har rett og slett blitt litt hekta.





Dessverre vert resten av helga via til oppgåveskriving, men får nok pressa inn litt kos allikevel.
Håpar de `og har fått fin start på helga. Klem frå Tromsø.

tirsdag 9. april 2013

TIL BIL

Tromsø er ganske bratt og veldig glatt, så eg har beklaga meg ein del over bilen vår.
...
Det har tydelegvis funka for i går fekk eg låne bil hjå TIL, og har difor kul bil MED piggdekk framover. Det kan komme godt med i snørike tromsø, lenge til vår enno.

No har me akkurat kome heim frå prøvesymjing med Isak og Nora . Det er desverre litt kø for å bli med i symjegruppa,men dei har veldig fin svømmehall:-)

I kveld vert det kos med kakao og pizza, samt bananshake til meg og Thomas - sunt og utruleg godt!!
Skal komme med oppskrift seinare.
Ha ei flott veke! 

søndag 7. april 2013

Søndagskos

Då er me ved vekeslutt igjen. Framleis dalar snøen ned og folk har byrja å snakke om ny snørekord i Tromsø.

Det har ellers vore ei ganske vanleg veke. Onsdag var sesongens siste onsdagsrenn og Isak nådde målet sitt om å vere med på alle.

Ellers har det vore mykje fotball ,symjing og ski. Fredag var Nora og Isak med på skisprint.
Fredag reiste Thomas til Kristiansand og Nora var vekke heile kvelden i bursdag,så då vart det kosekveld med gutane.
Lørdag vart det shopping på Jekta,Nora fekk endeleg brukt litt av bursdagspengane. Det fekk forresten eg og. Takk for nye "anti shake" tights mamma og pappa. Gleder meg allereie til fyrste løpetur......

Det er fantastiske løyper her så eg,Thomas og Lukas fekk oss ein flott tur i dag. Isak har vore på overnattingsbesøk og fekk seg ein langtur på ski i dag, me møtte kvarandre på Charlottenlund så då passa det godt med kakaopause.

No vert det ein roleg kveld med søndagskos.

Håpar det står bra til med alle kjente. Klem

tirsdag 2. april 2013

Det snør ,det snør.......

Det er enorme mengder snø her og endå berre lavar snøen ned:-)









Det som er endå meir imponerande er at når me var på kamp i går, var matta på Alfheim heilt grønn. I tillegg vann Tromsø,så då var det skikkeleg stemning på stadion.
Vert nok ei stund til me ser våren her,så då er det jo berre å få det beste ut av all snøen.

Fantastisk skiføre og masse moglegheiter for leik i snøen.

Ha ei fin veke alle sammen!