torsdag 24. januar 2013

På plass i Tromsø!

Då har familien Midttun Solberg flytta til Tromsø. Det har faktisk allerede gått tre veker sidan me kom til Tromsø, og tida gått kjempefort. Nye jobbar, ny barnehage , ny skule og innflytting. I tillegg har me fått prøvd ut diverse idrettshallar, severdigheter og skiløyper.

Leiligheten vår ligg sentralt i Tromsø, tar ca. 7 min å gå til sentrum. Ganske supert for oss som likar å vere i "byn". Masse koselege butikkar og mykje kjekt å kikka på.
Når me kom til Tromsø var det stort sett mørkt heile døgnet, men no er sola på veg tilbake, og me har det ganske lyst fram til klokka tre!!! Mandag var det solfest i heile byn, eller fest og fest- dei åt hvertfall solboller, eller berlinerbollar som eg kjenner dei som, i mange variantar.

Thomas er denne veka på La Manga, og her i Tromsø er " Besta" kome på besøk. Det blir mykje kos og masse aktivitet. Laurdag skal Isak gå sonerenn, med fellesstart ( det blir kjekt å sjå på), og søndag er det fotballcup.I tillegg skal me teste ut litt cafear og ete kake på Aunegården - fantastisk gode:-)



Mvh Siri og familien