Då er det på tide med ukas oppsummering. Dagane er stort sett fylt med arbeid og fritidsaktivitetar. Thomas var på La Manga fram til torsdag og kom heim med sydenfarge og fine presangar til heile gjengen. Veka har gått fort og ungane er kjempeflinke å hjelpe til,men det var utruleg godt å få han heim.
På lørdagen var Nora 14år!!! og me starta dagen med sang,pakkar og frukost på senga.
Utpå formiddagen kom svigers på besøk og me tok lunsj på Jordbærpikene. Kylling og baconsalaten kan anbefalast:-)
Nora fekk bursdagssang og dessert hjå betjeningen,litt pinleg for ein fjortis men veldig moro for oss rundt.
Isak hadde første økt på fotballtreningshelg.Dei avsluttar innesesong med treningshelg og turnering.
Søndag var det min dag men etter roleg frukost drog me til Voll for å sjå på Lukas som var med på håndballturnering. Han var kjempeflink både utanfor og inni målet.
Ser no at med tre(fire) aktive fotballspelarar og to av dei på håndball og,så vert det stort sett "ball" i helgene. Men veldig kjekt å sjå på,så då skal eg ikkje klaga.
Etter turnering var det pizzafest og kaker. Sjur og Tobias kom frå Stavanger for å vere med,så ungane koste seg med leikar heile ettermiddagen.
Resten av kvelden gjekk til pakking og retting. For neste veke skal eg på leirskule med klassen min på Knaben og det er meldt strålande vær!!!
Takk for oppmerksomhet og omtanke på bursdagen. Klem