fredag 21. februar 2014

Vinterferie!!

Då er det allerede vinterferie og me har tatt turen til Voss. Dei siste 7 vekene har gått veldig fort, men alltid bra med ferie...............

 I dag var det lett skya men strålande føre på slettafjellet så heile familien har endeleg kome oss på ski.
Nora var fotograf og laga film.

Thomas har berre fri denne helga så me får bruke tida godt.  Det er dessverre meldt dårlegare vær resten av helga, men me kosar oss uansett.

Eg og ungane tek vossa/bergensferie fram til fredag, så då får me masse tid til familie og venner.



God vinterferie til dei som har det, ellers må de ha god helg!



søndag 16. februar 2014

Kor vart helga av.....

Vekene går fort,men helgene berre flyr. Tida frå fredag til Søndag berre forsvinn, så då er det godt eg får dokumentert litt med bilete og blogging.
Denne helga reiste Nora til Kristiansand med fotballaget for treningsleir/sosial weekend . Blant anna stod forelesningar,kamp ,trening og bading på timeplanen.
Eg starta helga med opplæring i pulstreningssystem på Elixia. Eg skal igang med kursing og vil etterkvart ha litt timar på kveldstid. I Tromsø tok eg pause frå instruktørjobbinga og det var deilig,men no kjenner eg at det skal bli kjekt med spinning og saltimar igjen.
Lørdag var eg ,Thomas og gutane på Vitenfabrikken i Sandnes. Me åt lunsj på Pastabakeriet,som var ein veldig koselig kafe og god heimelaga pasta. Etterpå drog Thomas til Stavanger då Bryne skulle møte Haugesund. (stillinga vart 1-1, så det er berre å glede seg til sesongstart)
Eg og gutane returnerte til Bryne og tok ein roleg kveld.
I dag var det håndballturnering på Undheim for Lukas. Etter berre to treningar var det ein spent gut som stod klar i hallen,men laget storspelte og Lukas scora opptil fleire mål i alle kampane. I tillegg var det pokal til alle etterpå,så dette var moro.
Utruleg morsomt å sjå nybegynnarar i aksjon,med opptil fleire trenarar på banen som aktivt instruerer og hentar ballar. Tenk at damelandslaget starta ut sånn......
Etter turnering vart det sykkeltur og bibliotek. Sola viste seg såvidt så me kryssar fingrane for at regnværet er over for denne gong.
Isak har vore med ein kompis på Vitengarden i heile dag,men dei trakk heimover til Liverpoolkamp.
Nora kom også heim utpå kvelden,men såg ganske så sliten ut. Gjettar at det har blitt litt lite søvn......
No er det på tide å ta kveld.
God vinterferieveke til dei som har det. Klem

søndag 9. februar 2014

Tida går.....

Denne veka har stort sett gått som normalt,men tysdag var Lukas sin første håndballtrening. Han var supernøgd og første turnering vert allereie neste helg.

Det vert mange ulike treningar i løpet av ei veke og svoltne ungar som kjem heim. Så pannekaker til kvelds er blitt ein klassiker. Denne veka har gutane tatt ansvar og Lukas steikte pannekaker heilt på eiga hand på onsdag.

Eg kjørte Nora på flyplassen,då ho har hatt langhelg i Tromsø.
Ho flydde om Oslo og ordna alt åleine,men utruleg nok fekk ho tante Nina som sidemann på flyet til Tromsø.......rart korleis tilfeldighetene slår inn.
Ho har budd hjå Charlotte heile helga og har storkost seg med venninner der oppe.
Me har savna ho masse,så ho sitt heldigvis på flyet heim no.
Fredag var det kamp for Bryne ( vann 2-1 mot Ålgård!!) og eg prøvde ut fast,fit and faboulus på Elixia. Kjekk time som eg skal steppe inn på innimellom.

Lørdag var det innevær men me fekk oss allikevel ein liten shoppingtur på M44. Ungane fekk seg yougurtis og eg og Thomas prøvde ut Sabi Sushi som var veldig bra.

Lørdagskvelden var eg på middag med damene på trinnet mitt. God mat ,god vin ,masse masing og ein sein kveld før eg kom i seng. Men veldig koselig å bli betre kjent med kollegaer.
I dag vart det difor sein morning,men vart vekt med pakkar og frukost på senga. Gutane hadde laga flott kort og Nora hadde laga fint bilde til meg. For ein gjeng ......
Isak forsvann på besøk til ein kompis tidleg men me andre fekk ein koseleg tur til Vitengarden på Nærbø. Kjempekoselig museum med flott utstilling av kongens bilar. I tillegg kunne ein besøke fjøset og dei hadde koseleg cafe. Me kjøpte årskort til Jærmuseuma,så me skal ut her fleire gonger.

No er det retting av naturfagsprøvar og avslapning resten av kvelden.
Ha ein super søndagskveld. Klem frå Bryne

søndag 2. februar 2014

Seine kveldar og tidlege morningar.......

Ny søndag på Bryne og framleis er det ganske hurtig luft ute så det har vore mykje innandørs denne veka også.
Onsdag spela Nora sin første kamp for Bryne og det vart seier!!
Fredag var eg med BryneFk sin administrasjon på ølsmaking på Vaaland,som er eit koselig ølutsal på Bryne.
Nora var heime og passa brødrene.

Eg er generelt dårleg på øldrikking,men det smaka bra når ein fekk det i små glas...
Me testa sikkert 20 ulike sortar ,alt frå pils og juleøl til øl med røyke,sitrus og whiskeysmak ,og med historien til var det ein veldig bra kveld. Etter mykje øl,tok me turen vidare til Peppes og god pizza.







Lørdag var formen rimeleg slapp men det var allikevel opp kl.07 og avgarde på Nordsjøcup i fotball på Pollestad. Nora sitt lag var kjempegode og kom til semifinale.



Isak var på lørdagstrening og Lukas fekk ei økt med pappen før  Bryne fk reiste til Stavanger for treningskamp mot Sandnes.( tapte berre med eitt mål, lovar bra!)
Etter ein lang dag med fotball vart det sofakos resten av kvelden for meg og ungane. Thomas var på "guttekveld" med trenarane.


I dag fekk eg meg ei tidleg treningsøkt på Evo før me prøvde ut treningsparken rett nedom oss. Flott uteområde med masse aktivitetar og fine grillplassar. Dette vert bra til sommaren.

Me prøvde også ut biblioteket. Koselig plass med eigen cafe og butikk. Vert litt sjeldnare høgtlesing til Lukas når vekene er så travle,så då er det greitt å nytta sjansen når me er på bibliotek.
Etter lesing skulle eg og Lukas på kino. "Karsten og Petra på vinterferie". Kjempekoselig film,men utruleg mykje bråk i salen. Tok sikkert 40 min uti filmen før alle hadde funne plassane sine.

No er det jobbing foran tven resten av kvelden så eg vert klar til ny arbeidsveke.

Gratulerer til Svigers som hadde 45 års bryllupsdag på lørdag, håpar de fekk ein fin kveld.

Ha ei fin veke. Klem