Fredag feira me bursdag og besøkte Siri og Trond på kvelden. Lørdag tok Thomas og Trond ungane med på slalom. Fantastisk påskevær!! Eg og siri fekk masse kvalitetstid i Kalvatrevegen og Siri laga middag til heile gjengen. Alltid koselig når me samlast, og me gledar oss masse til dei kjem nordover i juli!
Søndagen feira Nora bursdag med "vossavennane" og me koste oss med pinnakjøtmiddag, utruleg godt også i mars.......
Mandag reiste Thomas tilbake til Tromsø og eg fekk frukost i Fyllingsdalen ilag med morfar, mormor, Nina, Gjermund og ungane. Abel var blitt så stor og kunne prate masse med tante, utruleg at han snart er to år. På kvelden tok eg turen til Lydvo hjå Lene. Heldigvis vart det kvelds der, fantastisk suppe!
Tirsdag var eg, Nora , Lukas og Besta på Hamlagrø på ski. Fint vær og god niste, skikkeleg påskestemning med andre ord. Om kvelden var eg på besøk til Inken, snacks, tv og prating, lenge sidan sist så det var på tide.
Onsdag fekk me med oss Besten, Isak, Øystein, Janne, Sjur og Tobias også på ski. Besten (tidl Kretsmester i hopp) hadde hoppkurs og Isak fekk lengste hopp på 8m. Her er eit av hoppa som hadde best avslutning..........