søndag 31. mars 2013

Påsken 2013

Då er me tilbake i Tromsø etter påskeferie på vestlandet. Torsdag var me på besøk til Mariell og Eirik og fekk sjå vesle Kaia. Ho var endå skjønnare enn på bileta. Me reiste vidare til Fyllingsdalen på ettermiddagen og  overnatta hjå mormor og morfar før me tok turen til Voss,etter ein  skikkeleg mormorfrukost med bacon og egg....

Fredag feira me bursdag og besøkte Siri og Trond på kvelden. Lørdag tok  Thomas og Trond ungane med på slalom. Fantastisk påskevær!! Eg og siri fekk masse kvalitetstid i Kalvatrevegen og Siri laga middag til heile gjengen. Alltid koselig når me samlast, og me gledar oss masse til dei kjem nordover i juli!

Søndagen feira Nora bursdag med "vossavennane" og me koste oss med pinnakjøtmiddag, utruleg godt også i mars.......

Mandag reiste Thomas tilbake til Tromsø og eg fekk frukost i Fyllingsdalen ilag med morfar, mormor, Nina, Gjermund og ungane. Abel var blitt så stor og kunne prate masse med tante, utruleg at han snart er to år. På kvelden tok eg turen til Lydvo hjå Lene. Heldigvis vart det kvelds der, fantastisk suppe!

Tirsdag var eg, Nora , Lukas og Besta på Hamlagrø på ski. Fint vær og god niste, skikkeleg påskestemning med andre ord. Om kvelden var eg på besøk til Inken, snacks, tv og prating, lenge sidan sist så det var på tide.

Onsdag fekk me med oss Besten, Isak, Øystein, Janne, Sjur og Tobias også på ski. Besten (tidl Kretsmester i hopp) hadde hoppkurs og Isak fekk lengste hopp på 8m. Her er eit av hoppa som hadde best avslutning..........
Torsdag dro eg til Bergen og møtte Torunn, me fekk oss ein flott tur på Fløyen. Litt isete men flott vær og koselig selskap.
Deretter fekk eg ettermiddagen med søstrene mine på Askøy. Flotte turar med Theo, kos med Musken, Ninuss og kaja og vårstemning. Var kjempekjekt å sjå dei att. Sjeldan me greier å møtast alle tre, så det må me verta flinkare til...........
Lørdag gjekk turen til Radøy og hytta. Her var våren kome og Nora fekk årets første Torsk. Truleg den største som er teken av familien Midttun Solberg.
Søndag er me tilbake i Tromsø og her er det kome store mengder snø,ingen vår i sikte her,  så familien nytta sjansen til å hoppe i snøen.
 
 
Ferien har altså vore allsidig og aktiv. kjempekjekt å sjå att alle kjente. me gledar oss allerede til me treffest igjen.
 
Klem frå Siri


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar