lørdag 11. mai 2013
Sol, grilling og fotball!
Sykkelsesongen er godt igang og det er nesten ikkje snø att i hagen, uvanleg bra for å vere i tromsø har eg skjønt.
Har vore ei kort veke på jobb, då Isak var sjuk på onsdagen, slik at me måtte halde oss heime. Thomas har vore i Trondheim på kamp, men kom heim att på Torsdag. Møtte sjølvsagt på fotballheltar som villig stilte opp til fotografering.
Oldemor og Besten hadde bursdag denne veka, så me sender ei ekstra helsing til dei!
Denne helga er Isak i Narvik på fotballcup med nokre kompisar, cupen gjekk strålande og dei avslutta med seier 14-0;-) i dag.
Thomas har keeperskule denne helga, 75 komande "keepertalent" og masse aktivitet heile dagen.
Men me har allikevel rukke å innleia grillsesongen ( og bikinisesongen faktisk!).Strålande sol heile fredagen og då var det berre å skaffe seg kulegrill. Det er faktisk meldt fint framover og, så det er berre å koma seg nordover...........
I morgo er det kampdag TIL-Sarpsborg, men tenkjer at mesteparten av dagen dessverre går til eksamenslesing.....
Stoor klem frå Tromsø
NB! Gratulerer til August som vert 7 år i morgon, pakke kjem i posten:-)
tirsdag 7. mai 2013
Travel tid!
Har blitt lite og rask blogging for tida. Eksamen nærmar seg med stormskritt og mykje retting på skulen, men innimellom rekk eg ein liten oppdatering.
Thomas er denne veka i Hønefoss og i Trondheim med laget. For resten av gjengen går veka som vanleg. Isak held seg stort sett på kunstgraset også i kveld, og Nora lagar zoombiefilm med venninene.
Så då er det eg og Lukas igjen som kosar oss med barnetv og kvelds.
Ha ei fin veke. Klem frå Tromsø
lørdag 4. mai 2013
Ein fredag i mai!
I dag har eg vore med klassen på realfagskonferanse,"energy on the loose". Kjempebra opplegg og god start på helga. Rakk også ei koselig fotballøkt på Bjerkakerbanen med Thomas og Lukas i strålande sol.
No startar eg helgekosen med iskaffi. Ny softshake "macchiato" er perfekt i kaffien,Mmmmmmmm.
Riktig god helg alle sammen!