søndag 10. februar 2013

Søndag og Morsdag

Morsdag i dag, så eg starta dagen med presanger på senga og nysteikte vafler.Herlig!!
Har vore endå ei travel veke i Tromsø. Fotballtrening, skirenn,svømmekurs og  fotballkamp med Thomas på trenarbenken ( artig!)

Lørdag testa eg og Lukas ut Leos lekeland, Lukas vart storfornøgd ( Eg var fornøgd etter ein time, Lukas først etter 3 timar.....) Isak var med kompis på slalom i eit lite trekk på Tromsøya -  "Bak Olsen" og Nora shoppa med venninner på "Jekta" . Allsidig aktivitet altså.

I dag har me vore på besøk til "Budeia" .Truls (kollega til Thomas)og kona har søndagsåpen låvebutikk på kvaløya. Boller, kakao og interiør, kan det bli bedre..
På låven var fleire av kollegaene til Thomas, og me fekk prøvd ut engelsk Chili ( John hadde med) og  svenske "semler"( baka av eine keeperen). Me hadde med ski òg, men det var så koselig på låven at me kom aldri så langt.

No går resten av kvelden til oppgåveskriving, før me ladar opp til ny veke med mykje moro.

Håpar det står bra til med alle kjente, ha ein fortsatt fin søndag.

Siri:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar