søndag 25. mai 2014

Jærdagar og tromsøjenter på besøk!

Vekene flyg og om kveldane er det litt lite futt i meg for tida, så då har det blitt lite blogging.

Me kjem stadig meir inni det her på Bryne og det er stadig venner av ungane på døra:-) 17.mai vart feira på Bryne og me fekk med oss koseleg kaffi/champagne selskap med nye venner i nabolaget.

Denne helga har me hatt besøk frå Tromsø. Nora sine venninner Charlotte og Marte kom torsdag. Så kjekt å sjå dei att. Flott vær og i tillegg var det Jærdagane denne helga så Bryne viste seg frå den beste sida:-)

Fredagen vart eg med jentene på shopping på Kvadrat før me tok kveld med burger og chips.  Lukas var på overnattingsbesøk hjå Bjørnar og me fekk låne Martinus, ein kamerat av Isak.

Lørdagen drog jentene til Stavanger. Me var på fotballcup med Lukas. Det er supermoro når været er slik som no. To sigrar og eitt tap, men stor medalje til alle:-)
Etterpå kjørte Thomas Lukas til Stavanger for nytt overnattingsbesøk hjå tante Janne og onkel Øystein.
Isak skulle overnatte hjå Martinus og jentene fekk huset for seg sjølv då eg og Thomas hadde billettar til "Jærnåtta".

Koseleg vorspiel hjå systera til ei venninne og masse kjentfolk på konsertane. Topp kveld og masse latter før me tusla heimover i halv to tida- (vert nok jærnåtta fleire gonger....).

Thomas reiste til Fredrikstad i dag tidleg og jentene har tilbrakt dagen i Kongeparken.  Eg har stort sett vore sjåfør  og etter å ha henta Lukas og levert jentene på flyplassen er eg enda på sofaen. Merkar godt at det vart lite søvn i natt så no tek eg kvelden......

GOD NY VEKE TIL ALLE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar