søndag 12. oktober 2014

Sirdal

Denne helga var me på hyttetur til Sirdal med familien Sunde. Dei har kjempekoselig hytta litt innover på fjellet. Litt grått vær , men me fekk ein flott tur lørdagen. Då gjekk me i retning Kvinen. På turen fekk me grilla, fiska og leika "gje eit lite vink". Været heldt seg ganske bra, og etter nokre timar ute var det koselig å komme tilbake til hytta og fyre i peisen.

Om kvelden vart det middag, speling og quiz før ungane hadde kino i annekset (eller spelerommet som Lukas kalla det).

Søndagen vart det sein frukost før kanopadling og bading (for dei tøffaste).
Ei veldig koselig helg med masse aktivitet.

No er heile familien samla i sofaen til "farmen"  og kvelds . Satsar på tidleg kveld slik at me er klare for ny arbeidsveke.

Håpar alle har hatt ei fin helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar