søndag 17. mars 2013

Travle tider

Då er enno ei veke gått. Utruleg at me har vore her i over 2 månader allereie.
Det har vore ei ganske vanleg veke .Fredag var eg igjen på ski med klassen og me hadde strålande vær 6fredagen på rad....... Det er alt mogleg slags vær heile veka, men fredagen er altså "bankers".


I helga har det vore fotballturnering på Nora i storelvahallen. Dei møtte litt eldre jenter så det vart litt tøffe kampar, men avslutta med seier 4-2 i siste kamp (Nora scora to:-).
Isak er blitt trivselsleder på skulen og har vore med på pauseunderhaldning i NM i basketball.

I dag har Nora feira bursdag med 10 venninner,og har stort sett ordna alt sjølv.
 Eg og gutane var på kino og såg "Karsten og Petra". Kjempekoselig film......


Thomas og "gutan" er i Sogndal i helga. Det var Stor stas i heimen når me såg pappa på tv...
kampen altså enda uavgjort.

Ellers er det mykje jobb akkurat no.Samtalar,muntlig tentamen,retting og oppgåver. Men trøsten er at det berre er få dagar til påskeferie.

Ha ei god ny veke.

2 kommentarer:

  1. Ungane veks jo så fort!
    Gleder meg til å sjå dekan igjen! Kor tid kan me møtast?

    Vakre Nora har snart bursdag!
    Har ho noko ønske for bursdagspresang?

    Klem frå Torunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja tida går fort, tenk at Nora er tenåring.....Ho er ganske opptatt av hår for tida, så ting og tang til å sette opp hår eller hårprodukt er eit godt tips.

      Eg kan ringe deg når eg veit planane våre for neste veke.

      Klem

      Slett