søndag 3. mars 2013

Vinterferien 2013

Då er vinterferien over for denne gong.Thomas kom heim frå Tyrkia på tirsdag, så no er det heldigvis slutt på langturane. Berre kort tid til sesongen startar, så ingen ferie for keepertrenaren, men han har jobba korte dagar. 
Det har som nemnt tidlegare ikkje vore særleg til vær før no i helga, men me har fått med oss mange inneaktivitetar i Tromsø.

Veka har vore begivenhetsrik. Vitensenter, kino, terapibad, bibliotek, ski og fotball. Nora filma denne videoen på vitensenteret, det er absolutt verdt eit besøk om de kjem til Tromsø.
I går kom finværet og me fekk oss ein flott skitur til Charlottenlund mens Isak var på fotballtrening. I dag har me prøvd ut gressmatta på Alfheim, ser veldig bra ut. Isak fekk seg ei kjekk økt med Thomas. No er me akkurat ferdig med middag og dessert. Nora laga verdens beste pavlova. Ho har lova å lage denne til bursdagen på Voss òg, så det er berre å gleda seg.........



Det kjekkaste denne veka var sjølvsagt at Tante mel og onkel Eirik fekk ei lita jente. Fantastisk søt!!!
Gledar oss masse til å besøke ho på Askøy. Her er siste biletet eg har fått.
Håpar de har hatt ei fin veke.

Klem frå Tromsø!!

1 kommentar:

  1. He-he. Morsomt med filmsnuttar! :)
    Legg gjerne ut fleire!

    Torunn

    SvarSlett