søndag 28. april 2013

Vårstemning og seksåring i huset!

Tirsdag vart Lukas 6år!! Og er snart skulegut. Utruleg kor fort det går. I år vart det enkel feiring med kake i barnehagen og familieselskap heime.

Fantastisk vær i Tromsø for tida,i tillegg har mykje av snøen smelta så då kjem vårstemninga.(ifølge lokalbefolkninga berre midlertidig og fram til neste snøfall,men men)

Denne helga er det tromsøturnering i fotball for Nora og isak. Fotball heile helga med andre ord........
I dag var siste kampen kl.09 så då får ein masse ut av søndagen. Kom meg ut på årets første joggetur utendørs. Thomas tok med gutane på sykkel så då hadde eg selskap heile vegen. Me tok turen til "BUKTA",som er stranda i Tromsø. Flott plass og masse kjekt å leite etter i fjæra.

No har alle ungane reist ut med kompisar . Eg og Thomas kosar oss med god lunsj og ladar opp til helgas siste kamp: TIL- Haugesund.

Håpar de har hatt ei flott helg!
Klem frå Tromsø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar