torsdag 18. april 2013

Vinteraktivitetsdag og andre aktivitetar

Det er helg igjen og sola skin i Tromsø. Har vore litt sjukdom i heimen siste tida,men i dag er alle friske. Denne veka hare vore på foreldremøte på ungdomskulen,spennande haust i vente. Nora bestemte seg for å ta Fransk. Så no er det berre for meg å hente fram att språkkunnskapane.

Torsdag hadde me vinteraktivitetsdag på skulen i Håkøybotn på Kvaløya. Eg fekk innføring i «yukigassen» (organisert snøkrig). Kjempeartig leik,basen min vann sjølvsagt alle kampane sine.........
Det vart også tid til  bålkos og masing med dei kjempegreie kollegaene mine.
Fredag  var det ny omgang med spysjuke i heimen så eg fekk ein roleg dag heime med Lukas.

Nora og Isak hadde også fri, Isak var i bursdag og reiste vidare på hyttetur med ein kompis. Utpå dagen kvikna Lukas til og fekk seg ein tur på bowling. På kvelden vart Nora med Thomas på joggetur til bukta før me avslutta med tv kos og nachos.

I dag reiser Thomas til Ålesund,så eg, Nora og Lukas må greie oss aleine.
Planen for dagen er "dinodag" på museet og joggeskokjøp til Nora.

Håpar de har hatt fin start på helga! Klem frå Tromsø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar