Då er me igang med pakking og denne helga har me fått unna masse. I Tromsø snør det nesten konstant for tida,og då vert det koseleg julestemning. Sidan det ikkje vert pynting inne passar det fint med litt julestemning ute.
Ellers har veka vore begivenhetsrik.
Første dagane gjekk som vanleg,men torsdag kom svigers til Tromsø for å sjå Tottenhamkamp og å feire Thomas som vart 40! på fredag.
Besten,Nora og Isak var på Tottehamkamp torsdag kveld. "Gutane" kjempa, men Tottenham vann kampen.
Eg og Besta var på danseoppvisning i break dance med Lukas. Kjempekjekt å sjå på,Lukas storkoste seg og hadde lang solosekvens i dansen........
Fredag starta me dagen med bursdagssang og pakkar på senga.
I tillegg fekk Thomas feiring på jobben med kake og presangar. Benny og Hans hadde laga fin og morsom video til han.(tusen takk!!)
Dette var siste dagen på Bjerkaker skule for Isak - men han har fått nokre gode venner her som han vil halde kontakten med......
På ettermiddagen hadde Isak pianokonsert før me var på steakers og feira dagen til Thomas. Isak hadde gleda gleda seg leenge til stor biff og vart ikkje skuffa.Maten var utruleg god og alle vart gode og mette .
Lørdagen reiste svigers heim og tok med seg Isak. Nora hadde fotballtrening og Thomas og Lukas slo følge for å trene litt. Etterpå fekk me med oss pepperkakebyen ( som var ganske liten i bergensmålestokk...) før me tok turen heim. Nora forsvann til Charlotte og overnatta der.
Det er no mørkt allerede i to tida så det vert ofte lange kveldar. Men me tenner lys og koser oss i sofaen.
I dag var Lukas tidleg oppe (06.00) for å sjekke julekalender (eller julekorg som eg har i år då me ikkje tok med kalenderen til Tromsø.) Etter frukost og måking tok me turen til Kvaløya og Budeia hjå Truls og Leila. Her fekk me aka litt og kost oss med kakao og mørketidsbollar. Ellers har me gjort fint lite. Litt slitne heile gjengen så då er det godt å slappe av foran tven.
Ser det er meldt snø og storm i veka som kjem,så då er det berre å nytta tida inne til pakking og vasking.
Ha ein super start på den nye veka!
Klem
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar