Denne helga har det kome masse snø i Tromsø. I tillegg har det vore kraftig vind- så ikkje akkurat utevær.
Thomas har vore på cupfinaleseminar i Oslo i helga. Mens eg og ungane har hatt ei travel helg i Tromsø. Maskoten til Lukas sin klasse "Lillevenn" har vore på besøk heile helga.
Torsdag hadde Nora Marte og Charlotte på overnatting. Dei passa Lukas fredagen for då var eg på kurs og Isak var på fotballskule.
Lørdagen starta eg forsiktig med pakking. Utruleg masse ting me har i ein liten leilighet..... Seinare var det fotballcup i Hamnahallen for Isak. Eg og Lukas var heiagjeng men rakk ein koseleg tur innom Agnes og Benny før me dro til Hamna.
Kjempekjekt å sjå gutane spele kampar og Lukas hadde heldigvis Noah å leike med,så kvelden gjekk fort. I hallen var det skikkeleg kaldt og kvelden enda i sofaen med masse tepper og varm te.
I dag starta me dagen med skirenn i snøstorm. Etterpå dro me på "Budeia" og åt bollar ilag men Hanne,Hans Åge og ungane. Thomas kom heim i halv ett tida så då var det rett heim for å sjå cupfinale.
I ettermiddag tok eg med meg Lukas og Noah på Leos lekeland. Etterkvart kom Agnes og Maret med familier. Ungane storkoste seg og plutselig hadde det gått over 2 timar.
Kald og frostig etter Leos var det rett heim og varme seg. Isak stakk på kino med Christoffer og Ludwig.
Rart å tenke på at det vert siste veka hans i Tromsø............
No skal eg skrive dagbok til Lillevenn før eg er klar for ny veke.
God veke!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar