søndag 3. november 2013

Allereie November.....

Då har me kome til November og me har snart vore her i eitt år.....
Tida har gått veldig fort men me gledar oss til juleferien. Vert kjekt å sjå alle kjente igjen.

Denne veka forsvann mykje av snøen,men det er framleis kaldt så dunjakka måtte fram denne veka.

I mange år har eg kjempa mot Halloween feiring,men i år måtte eg gje tapt og ungane feira sin første Halloween på skulen.
Spøkelsesgang,disko og pinjata var nokre av aktivitetane. Hanne  stod i spissen og laga kjempekjekk fest og masssse godteri. Vert vanskeleg å overgå denne.

Nora laga kjempesøte spøkelsespikekyss...


I tillegg måtte dei teste ut knask eller knep runden og alle tre kom heim med bæreposar med godteri..........

I helga var Thomas på Voss . Isak skulle eigentleg på skisamling men då snøen forsvann vart den avlyst så han fekk roleg helg heime istaden.

Nora spelte fotballcup i helga og fekk bronseplass! Jentene var kjempeflinke og kjempa knallgodt i bronsefinalen.

Eg og gutane var i bursdag til Elsa(dottera til Benny) som vart tre år. Det var kjempekoseleg og me vart verande i ovet tre timar.

Ellers har eg testa ut kollega Trine sine vårrullar i helga. Stor suksess hjå store og små. Så då kan eg jo dele med dykk og.

Trines vårrullar: 3 gulerøtter
1/4 kålhovud
1 bx bambusskudd
1/2 purre
2 chili
2-3 kvitløksfedd
400 gr. Kyllingkjøttdeig
2 ss soyasaus
1 ss fiskesaus
1 ss sukker
2 egg, sammenvispa.
1pk vårrullark.


Finnhakk alle grønnsakene og krydder.


Steik i panne og fres kjøttdeigen og bland i grønnsakene. Tilsett saus og egg tilslutt.

Avkjøl blandingen og tin vårrullark. Brett sammen vårruller når blandingen er blitt kald. Steik vårullane i olje til dei er gyldne. Eller pensle med olje og teik i omnen på 20 grader. ENJOY!!

Då ønsker eg dykk ei god ny veke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar