Denne veka var eg på jentekveld med TILfruene på "t" tapasbar. 3 av jentene skal flytte etter årets sesong så sjølv om det var kjekt å møtast var det ganske trist å sei hadet . Spesielt med tanke på at eg høgst sannsynleg ikkje møter dei igjen.....
Lukas spelte sin første turnering i helga og scora sigersmålet i siste kamp. Han var veldig nøgd med dagen.....
I dag har eg,Thomas og gutane vore på ski. Nysnø og ikkje for kaldt, herlig!!
Etterpå tok Thomas dei med i Fløyahallen for ei fotballøkt, før kino.
Eg og Lukas hadde sett jul i Flåklypa,så me vart heime og laga "rampestreker". Mykje teip og tråd seinare var Lukas stornøgd når pappen gjekk i alle fellene:-)
No har eg fått retta haugen med matematikkprøvar og er klar for ny veke.
Nb!Stor klem til Lene som hadde stor dag i går. Du får bursdagsklemmen i desember.
Klem frå Siri
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar