Planen i dag var å ha time på Elixia klokka 06.30, men batteriet på telefonen takka for seg ein eller annan gong i løpet av natta,så då vakna eg 06.35...........forferdeleg start på dagen,men dei hadde heldigvis vikar å sette inn.
Humøret var difor litt dårleg på morgonen så eg satte kursen mot Ikea for å få noko anna å tenke på :-)
Dei har fått inn så søtt tilbehør til bursdagsfeiring,så me enda opp med koppar,tallerkenar ,serviettar og pynt til Lukas sin 7-årsdag.
Ganske deilig å ha påskefri og kunne bruke mandagen til alt ein ikkje rekk elles. Eg rakk tilogmed koselig lunsj ilag med Thomas på "kjøkkenet" i Bryne. God mat,men ikkje spesielt koseleg lokale og ganske stive prisar ,så det vert nok med denne gongen. På ettermiddagen fekk eg vaska hus,vindauge og klede i tillegg til retting,så avslutningen på dagen vart bra.
I helga har me også hatt det ganske rolig. Litt jobbing på elixia og endeleg tid til frisørtime. Thomas har jobba,men har allikevel hatt mykje fri på dagen. Søndag fekk me oss ein treningstur i Sandtangen før det var kamp. Lukas tok sykkelen og drog opp tempoet.
Når det er heimekamp møtes alle fotballdamene ein time før kampen for å "drøsa" og eta kake. Kjekt å bli kjent og god stemning før kampen. Dessverre vart det (ufortjent) tap mot Bærum,så stemninga var litt laber på den felles kveldsen etter kampen.
Nora tok påskeferie fredag og skal vere i Bergen til onsdag før ho kjem til Voss og møter oss der. Isak har vore på fotballskule heile dagen i dag. Og Lukas har hatt besøk av Vetle så alle har brukt dagen bra.
No er det pakking og tv-titting på programmet. God påske alle sammen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar