søndag 20. april 2014

Sol!!

Då er påskeferien snart over for denne gong. Ei utruleg flott veke med flott vær,mange kjekke aktivitetar og masse godt selskap.
Tysdag kjørte me heim til Voss for ein liten påskeferie hjå svigers. Og finværet kom allereie på turen heim. Lukas hadde gleda seg i fleire veker til å sjå August,så han heldt seg ilag med han tirsdagskvelden og heile onsdagen:-) Isak fekk med seg kompisane på kunstgraset og Nora møtte att sine venninner. Eg og Thomas fekk difor onsdagen for oss sjølve og koste oss med cafe og shopping.
Torsdagen var det årets påskejakt hjå besta. Alle barnebarn pluss Augusten vart sett i sving for å løysa påskerebusen til påskeharen og vart belønna med påskeegg. I tillegg vart det koldtbord frå Lenes kjøkken ,som smaka nydeleg,som alltid!
På kvelden var me hjå Siri og Trond ilag med Lene,Bjarte og Anne. Det var kjempekos å sjå alle att,så det vart sein kveld.
Fredag var det sol og skyfri himmel så me tok sesongens siste slalomtur ilag med Siri og Trond. Skikkeleg påskestemning i bakken og god tid til å "drøsa" med Siri:-)
Nora vart med Signe og Arlene på tur til Lønahorgi. Rakk ikkje heilt inn til tårnet,men var supernøgd med turen.
Etter ski var det middag i kalvatrevegen. Siri diska opp med heimelaga blomkålsuppe og indrefilet. Alltid like koselig når me samlast,så me satsar på at det ikkje vert lenge til neste gong......
Lørdag var det retur til Bryne i supert vær. Litt bale å bruke dagen til kjøring,men det gjekk ganske fort når me kom igang.
I dag tok me turen til Kongeparken. Der var sommartempratur,og det vart årets første dag i shorts. Kjekk dag med mykje aktivitet. Merkar dessverre at eg ikkje er like ivrig på dei tøffaste karusellane ,men ungane prøvde så og seie alle.
Sliten men fornøgd tek eg kvelden no. Mandag i morgon og på tide å få tilbake gode kvardagsrutiner........
Nyt siste rest av påsken! Klem

1 kommentar:

  1. Vad avundsjuk jag blir på vårbilderna! Var glad för att ni har det! Vi har snö, regn blåst :( Kram å hälsa!!!

    SvarSlett