Blogging er nedprioritert for tida, men sidan sist har me hatt ei knalljol på Voss og koseleg nyttårfeiring hjå Lene og Jan Steinar ilag med Siri , Trond og ungane.
Året er godt igang og helgene går stort sett med til turneringar i handball eller fotball med ungane.
Thomas er framleis trener på Bryne men har også fått trenerjobb på fotballandslaget til gutter16 og er denne veka på turnering i Tyrkia. Dei spelar bronsefinale i dag, kryssar fingrane:-)
Eg syslar litt som student og har nettopp fått godkjent eksamensoppgåva. Berre munnleg eksamen igjen så er eg kvalifisert praksislærar:-)
Denne veka slo influensaen til hjå meg, så eg har tilbrakt ettermiddagane på sofaen. Ungane har laga middag, vaska klær, rydda og passa på meg. Fantastisk med store og flinke ungar!
Håpar alle har fått ein god start på det nye året!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar