I vinterferien var me heim til Voss. Nora hadde med seg venninna Marie for å visa heimplassen. Knallvær og ski første tre dagane. Mandagen var me først på fjellet før me tok turen til Siri og Trond for endå eit koselig måltid. Tirsdag kjørte eg Thomas til bergen for han skulle tilbake til Bryne. Ingen ferie for fotballtrenarar.......
Eg vart igjen og nytta sjansen til å besøke familie og venner.først gjekk turen til Fyllingsdalen for å hjelpe mor (for tida med beinbrot) Fekk også tid til Kafebesøk med pappa før klokka var 12.
På ettermiddagen fekk eg med meg Torunn og testa ut ny sushirestaurant, Sumo. Fantastisk god sushi, har tidlegare hatt "rå" i Tromsø som favoritt, men no er eg litt usikker.
Etterpå kjørte eg til Askøy for å besøke systo. Kaja var blitt så stor! Alltid kjekt å sjå dei, men skulle hatt så mykje meir tid.
Resten av ferien var det avslapning på Voss hjå svigers og koselige kafebesøk og kaffibesøk hjå venner.
Helga etterpå var me invitert på hyttetur til Sirdal. Me var på hytta til Mæland, men minstemann hadde tatt turen til Sunde si hytte ilag med kompisen. Ikkje knallvær denne helga , men ei veldig koselig og artig helg. God mat , ski, aking og spel. På turen heim heldt me nesten på å bli tatt av isblokk, men me hadde heldigvis flaks denne gongen.. ....
Tungt å starte påan igjen på mandagen, men no nærmar det seg heldigvis ny helg.
Ha ei knall helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar