mandag 23. juni 2014

Cup og dyrepark

Denne helga var det Sør cup og Nora er med på 7ar laget til Bryne.  Dei har spelt veldig bra og er klare for finale i morgon etter å ha slått ut Vaksdal i dag:-)

Eg , Thomas og gutane drog til Kristiansand lørdag for å få med oss ein kamp. Knallvær og masse kjentfolk frå Voss i Kristiansand. Nora og jentene vann kampen og kvelden vart avslutta i sentrum med god mat i flott sommarvær.

Søndag var me i dyreparken heile dagen. Utruleg flott park med masse aktivitetar for heile familien. Lukas fekk seg eit bit frå ein ekornape , men ellers ein super dag i strålande sol.

I dag vart det sein start og god treningsøkt før eg no har lagt meg på terassen for å fylle inn skuleruta i planleggeren(viktig å vere på forskudd når ein kan)
Isak reiser nordover til Tromsø i morgon for å vere med på Piteåcup,  så då bør eg vel gjerne starte pakkinga?

Ha ein flott start på ferien/avspaseringa!
Klem

fredag 20. juni 2014

Topp 2-Vedafjell

Mandag var valfagklassen min på sykkel/fjelltur til Vedafjell.

Fin sykkeltur til kvernaland -ganddal og melsheiane før me gjekk til toppen.  Det tok mindre enn 20 min å gå til toppen,  men kjempeflott utsikt frå toppen. Såg både Bryne og Sandnes på forsida.

På kvelden tok Anne Helga meg med på fottur i Selandskogen. Flott turterreng som eg garantert kjem til å besøke igjen.

Resten av veka har gått knallfort og no ventar ferie og avspasering i nokre veker.

I dag går turen til Kristiansand. Nora spelar cup så me skal ned og heie.
Me tek også med Dyreparken i morgon før me returnerer til Bryne.

God ferie folkens!

onsdag 11. juni 2014

Tromsø!!

Forrige veka besøkte me Tromsø! Veldig kjekt å vere tilbake og det var akkurat som om eg hadde vore der veka før.

Var først innom Langnes skule og besøkte elevane "mine" og kollegaer der. Såå kjekt å sjå alle att, og få oppdatering på alt som hadde skjedd siste halvår.

Etterpå gjekk turen til Hanne og gutane. Nesten rørande korleis ein kan vere vekke frå kvarandre så lenge og så er det heilt som før når me møtest.

Me fekk masse kvalitetstid og gutane storkoste seg. Isak fekk også med seg tre kamper for gamlelaget. 

Lukas rakk badetur til Bukta ilag med Noah  og eg fekk med meg jentekveld med Hanne og Torgunn.

Nora budde hjå Marte og Charlotte denne veka, og fekk også reist på telttur med gamleklassen.

Torsdag var me på koselig frukostbesøk hjå Agnes og Benny. Minstejenta var blitt så stor:-)

Dessverre går tida så altfor fort, og etter ein knallkamp av Bryne (slo Tromsø 2-1!)
Reiste me heimover torsdag kveld. Det vil seie, for meg , Lukas og Thomas.

Nora og Isak vart verande til søndag:-)

No gledar eg meg til besøk frå Tromsø og satsar på ny tur nordover til neste år!

Isak reiser nord igjen allerede tirsdag, då han skal vere med på Piteåcup ilag med gamlelaget.

søndag 1. juni 2014

Topp 1

For ein vår . Her e verkeleg nydeleg vær for tida og sist helg var det skikkeleg sommarstemning.

Lørdagen var me på Orrestrand ilag med Joveig. Utruleg flotte strender, men ganske masse vind. Nede i Sandbanken var det allikevel ganske varmt.
På kvelden var eg og Thomas og hjå Linda og Ole for å teste ut nye terrassen.

Søndag vart eg og Isak med på fjelltur til "Bynuten" som er høgaste toppen i Sandnes kommune (671m). Mødrene på turen sykla til startpunktet (2t i eit forrykande tempo!!)
Turen opp var kjempeflott.  2timar i variert terreng med fleire vatn langs ruta, som passa perfekt til bading på heimturen.

Mandagen stakk eg og gutane ilag med Joveig og gutane til Fresnes strand.
Skikkeleg sydentemperatur og gutane storkoste seg med bading og leik i sanddynene.

søndag 25. mai 2014

Jærdagar og tromsøjenter på besøk!

Vekene flyg og om kveldane er det litt lite futt i meg for tida, så då har det blitt lite blogging.

Me kjem stadig meir inni det her på Bryne og det er stadig venner av ungane på døra:-) 17.mai vart feira på Bryne og me fekk med oss koseleg kaffi/champagne selskap med nye venner i nabolaget.

Denne helga har me hatt besøk frå Tromsø. Nora sine venninner Charlotte og Marte kom torsdag. Så kjekt å sjå dei att. Flott vær og i tillegg var det Jærdagane denne helga så Bryne viste seg frå den beste sida:-)

Fredagen vart eg med jentene på shopping på Kvadrat før me tok kveld med burger og chips.  Lukas var på overnattingsbesøk hjå Bjørnar og me fekk låne Martinus, ein kamerat av Isak.

Lørdagen drog jentene til Stavanger. Me var på fotballcup med Lukas. Det er supermoro når været er slik som no. To sigrar og eitt tap, men stor medalje til alle:-)
Etterpå kjørte Thomas Lukas til Stavanger for nytt overnattingsbesøk hjå tante Janne og onkel Øystein.
Isak skulle overnatte hjå Martinus og jentene fekk huset for seg sjølv då eg og Thomas hadde billettar til "Jærnåtta".

Koseleg vorspiel hjå systera til ei venninne og masse kjentfolk på konsertane. Topp kveld og masse latter før me tusla heimover i halv to tida- (vert nok jærnåtta fleire gonger....).

Thomas reiste til Fredrikstad i dag tidleg og jentene har tilbrakt dagen i Kongeparken.  Eg har stort sett vore sjåfør  og etter å ha henta Lukas og levert jentene på flyplassen er eg enda på sofaen. Merkar godt at det vart lite søvn i natt så no tek eg kvelden......

GOD NY VEKE TIL ALLE!

mandag 12. mai 2014

Bergenshelg

Denne veka testa eg ut Befit yoga på Yoga studio . Tenkte i utgangspunktet at det skulle vere bra for smidigheten, men vart ikkje akkurat slik....
Timen var rett og slett knallhard coretrening. Stod stort sett i planken heile timen og då nakke og skuldre i utgangspunktet var litt ømme, kunne eg knapt bevege meg på fredagen:-) må nok gå nokre gonger før eg fullfører heile timen:-)

Etter litt smertestillande kom det seg og me satte kursen mot hytta på Radøy. Har ikkje vore der på over eitt år, så fekk skikkeleg feriestemning. Ungane stakk ut i båt og fiska, då båten var kome på vatnet mens eg slappa av på terrassen. Nora tok årets første bad etter mykje vurdering fram og tilbake.....

Lørdag feira med svigers sin bursdag før me drog vidare til mormor og morfar i Fyllingsdalen. Etter god middag og dessert reiste eg ut til Askøy for å låne sofaen hjå musken. Mariell var i eit kort kveldsbryllup så då vart det meg og Theo som tok kveldsturen. Etter bryllup og skravling med systo vart det sein kveld....

Søndag var niesa mi  Kaja oppe allerede 06.00:-) Så me fekk ei koseleg morgonstund og tur ilag før eg skulle vidare i konfirmasjon på Sotra. Utruleg at fadderungen min er konfirmant allerede, men veldig koselig å sjå alle att. Ungane ,mormor og morfar kpm utover til Askøy for å tilbringe dagen med Mariell og gjengen og fekk ei koseleg grillstund. Lukas fekk endeleg kosetid med Theo.

Helga går fort og etter rask konfirmasjonsmiddag raste eg tilbake til Askøy for å hente ungane og sette kursen heim til Bryne og Thomas. Han har hatt arbeidshelg med keepertrenerskule og heimekamp (2-2)
Kjenner at turen har tatt på, så no tek eg  kvelden.

Ha ei fin veke!