søndag 6. april 2014

Rundt omkring....

Travelt er det jo stort sett heile tida,men i det siste har det vore veldig mykje på programmet. Mest moro,heldigvis.

Forrige veke var eg med elevane mine på leirskule på Knaben.
Nydeleg sol og flott skiføre stort sett heile veka- nokre gonger er det ekstra bra å vere lærar:-) Dessverre vart eg sjuk allerie mandagen, så helga vart rimeleg slapp for min del. Lukas tok derimot årets første bad på jærstrendene!

Søndagen møtte Bryne Tromsø på stadion. Det var kjekt å sjå "gutan" igjen,og ganske rart å heie på "feil"lag:-) Bryne vann denne runden så får me sjå når Bryne skal til Tromsø i juni.....

Denne veka har det vore mykje jobb. I tillegg er utesesongen i fotball igang så då er det pugging av nye treningstider og plassar.

Fredagen tok eg fri og drog til Bergen for å vere forlovar for Torunn. Kjempekoseleg dag med vielse,champagne i parken,backgammonspeling mat og drikke på Cafe Opera før me avslutta med 9 retters på "Lysverket" .
Fantastisk mat og god stemning.
Etter middagen gjekk turen til Askøy og Mariell.

Lørdagen var Mariell og Kaja med til byn. Me besøkte galleriet til Torunns svigermor - Galleri Rosenrødt. Veldig koselig galleri med eit fantastisk toalett!! Anbefaler eit besøk der.
Eg og Mariell tok lunsj på Zupperia før me returnerte til Askøy. På ettermiddagen tok mor og far seg ein tur til Askøy .

Søndagen fekk me oss ein lang tur før eg skulle på flyet og Kaja lærte seg nytt ord-TANTE!!!

Vel heime skulle eg vidare til Stavanger og på Tapas med "Fotballfruene" hjå Line. God mat og kjekke jenter,men dessverre lite underhaldande kamp på tv(Bryne tapte)

Nora var på jentekveld,Isak besøkte Sjur og Lukas var på Oilerskamp, så det var ein sliten gjeng som tok kvelden etterpå. No ventar ny veke,men berre få dagar til påske no:-)
Knaben;-) 
Brudeparet på tinghustrappa, så fiine! 
Brosme( rett 5) på Lysverket. 
Dessert , mmmm 
Gjengen på sykkeltur langs Frøylandsvatnet 
selfie kl.06.30!! 
Bryne - Tromsø 
Knaben alpintrekk! 

1 kommentar:

  1. Tusen takk for at du var forlovar OG fotograf på dagen vår! :) Dagen vart akkurat slik me ville ha det. Passe
    (u)høgtideleg og avslappa, med god mat, sol og få, men gode folk. :) Med champagne og jordbær i parken og sjakk og backgammon som mellomspel vart det ein perfekt tvist på dagen. Igjen, tusen takk for ein god og flott dag!

    SvarSlett