torsdag 25. juli 2013

4 på topp!


Hei!
Gårsdagen gjekk med til  soling i bukta og sykkeltur til jekta. Knallfint vær også her i Tromsø.
I dag pakka me sekken og kjørte til Finnvikvatnet på Kvaløya. Derfrå gjekk me opp til sørtinden. Me kunne gått rett opp frå parkeringsplassen,men sidan eg er ganske så redd for høgdar tok me ein litt slakare sti oppover.

Lukas var litt sleten i starten men når me nærma oss toppen sprang han ifrå meg:-)

Endå ein flott tur som ikkje tok meir enn to timar inkludert pausar og kjøring
No skal me på flyplassen og hente Nora og Isak. Me gledar oss........

Sjekk ut Meg og Lukas på nett-tv: Nett -tv frå itromsø

tirsdag 23. juli 2013

Tre på topp!

      I dag gjekk turen til krokenvannet.

Thomas er på tur til Azerbadjan og skulle vere på flyplassen kl.06 så me var tidleg oppe.
Me parkerte ved skianlegget i Kroken og gjekk oppover i vel ein time. Lukas var kjempeflink og nesten sprang oppover. Ved vatnet tok me oss ein god pause før me snudde. Turen tok berre vel to timar og sjølv om det tidvis var bratt , så var det motiverande med masse kjekke steinar og kronglete stiar.





 Etterpå fortjente me litt belønning og kjørte difor rett på jekta og yougurtheaven.

 
No er det middagstid og så går turen til biblioteket.


Ha ein fin tirsdag!

Mandag igjen!

Vekene går fort og i dag er det ny veke . Nora og Isak har allereie vore ei veke på vestlandet. I dag skein sola i Tromsø og eg og Lukas tok turen til sydspissen for å fange krabber. Fann ingen levande krabbar,men masse flotte skjell. Etterpå vaska me bilane og eg prøvde meg på ein ny meatza til middag. Meatza er pizza med kjøttbunn,ideelt for oss som ikkje tåler kveitemjøl.

Eg blanda to pakker kjøttdeig med to egg og krydder og spredde kjøttfarsen utover eit steikebrett med bakepapir. Deretter steikte eg bunnen i ca. 8 min før fg hadde på fyll. Eg brukte løk,skinke,champignon og kvitløk samt masse ost på toppen. Stekte deretter pizzaen vidare i 10 9min til osten var gylden.  mmmmm

søndag 21. juli 2013

To på topp!

I dag har eg og Lukas gått til Varden på tromsøya. Litt regn i lufta,men det gjorde ingenting når me var godt kledd. Turen var veldig fin. Kuperte turstier som var fine å springe på. Litt bratt på slutten men det var berre eit kort stykke. Vel oppe skreiv me oss inn i boka og åt nista vår.

Turen tok berre halvannan time opp og ned inkludert god pause på toppen. Kjem garantert til å gå her fleire gonger.

No er det avslapning på sofa med varm kakao og film.....

Ha ein fin søndag. Klem

Bukta og folkeparken


Torsdag sykla eg og Lukas til folkeparken.
Flott uteområde med klatretau og benker.
I tillegg stoppa me ved skulen og leika oss
litt med "dessene" der.
 Me hadde sjølvsagt med god niste
så me fekk oss maange pausar på vegen.















Fredag var eg,thomas og Lukas på vitensenteret. Om kvelden hadde eg og Lukas " guttekveld med ei jente" sidan resten av familien er på tur.
Lørdag var me på familiedag i bukta,men Lukas var ikkje superbegeistra for musikken så me enda på jordbærpikene på nerstranda senter . Etterpå sikra me lørdagsgodtet og rakk fint heim til fantorangen......

I kveld kjem Thomas heim frå fjelltur, eg og Lukas har ikkje lagt store planar men det er vel på tide å komme seg ut?


torsdag 18. juli 2013

Ein på topp!

Ti på topp er eit turopplegg i Tromsø der ein får gode forslag til turar i nærområdet. Dette passar jo fint til oss som skal gjere oss kjent.

I går gjekk eg og Lukas til første toppen: "slaktarhaugen" på kvaløya. Kjempefin tur , litt bratt opp men det er jo desto kjekkare å springe ned att. Frå toppen såg ein heile Tromsøya.

Turen opp tok berre 45 min med gode pausar og nokre avstikkarar frå stien.

Etterpå gjekk turen til Leos lekeland der Lukas sprang rundt i over 3 timar........... Ikkje rart at han sov godt i natt.

I dag skal me ein tur på vitensenteret før TIL spelar kamp mot Baku i kveld.

Klem frå tromsø

onsdag 17. juli 2013

Ferietid

Har ikkje tatt meg tid til blogging på ei stund men her ein rask oppsummering av dei siste vekene.

I slutten av juni reiste Nora til Piteå i sverige på fotballturnering. Isak reiste på aktivitetsleir i manndalen og Lukas tok ein tur til vestlandet. Eg var til Bergen og leverte han og fekk difor ein liten tur til Fyllingsdalen på besøk til mamma og pappa. Mariell ,Eirik og Kaja var også på besøk. Kort besøk ,men veldig koselig. Kaja var blitt så stor!

Forrige veke fekk me besøk av Siri,Trond og ungane. Kjempekoselig å sjå dei att. Mange kjekke utflukter og ein ganske vellukka fiskedag på Kvaløya. Veka gjekk så altfor fort og me gleder oss masse til desember når me møtest igjen.

Denne veka har dei to eldste tatt turen vestover så det vert ganske rolig i heimen.
Håpar de har fått ein fin start på ferien.

Klem frå Tromsø