Thomas er på tur til Azerbadjan og skulle vere på flyplassen kl.06 så me var tidleg oppe.
Me parkerte ved skianlegget i Kroken og gjekk oppover i vel ein time. Lukas var kjempeflink og nesten sprang oppover. Ved vatnet tok me oss ein god pause før me snudde. Turen tok berre vel to timar og sjølv om det tidvis var bratt , så var det motiverande med masse kjekke steinar og kronglete stiar.
Etterpå fortjente me litt belønning og kjørte difor rett på jekta og yougurtheaven.
No er det middagstid og så går turen til biblioteket.
Ha ein fin tirsdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar