fredag 26. juli 2013

Fem på topp!

Heisan, Ungane er tilbake men eg er framleis gressenke. I går gjekk TIL og Thomas vidare i europacupen , noko som betyr at Thomas får endå ein tur til utlandet :-). Han reiste rett frå Azerbadjan til østlandet og skal bruke helga til å  lade opp til kampen mot ODD søndag.

Her i tromsø er det ny solskinnsdag og ny fjelltopp. I dag stakk eg ,Lukas og Isak på Rødtinden på Kvaløya.

Kjørte til storelva og fulgte stien oppover. Ganske bratt eindel plassar, men Lukas har tydeleg god trening med fjellturar etterkvart så det var god stemning.
Brukte ein og ein halv time opp inkludert pausar, mens nedturen gjekk unna på 40 min. Gutane sprang heile vegen.
Etterpå fekk me oss ein time på kunstgraset før me tok turen heim.


Nora er på dill med ei vennine og gutane har kollapsa på sofaen. Eg tek med meg rekesmørbrød og cola på terrassen.

Ha ein fin fredag! Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar