Har tenkt lenge på å pynte opp med litt blomar ute,men har aldri kome så langt.
I dag hadde eg tid og besøk av blomsterkonsulenten min så då var me innom plantasjen og handla litt.
Torunn tok ansvar og lærte opp både Lukas og Nora i potteplanting. Tusen takk!
Her er resultatet, blei det ikkje fint?
Prøvde ut potte i isopormateriale og fylte opp med litt hardføre sortar som lyng og eføy.
I kveld er familien samla rundt kortbordet og testar ut kroneis med sjokolade og brownies. Den var farlig god........
Ha ein fin kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar