torsdag 21. november 2013

Nye utfordringar

I fotballverden skiftar det fort. Me skulle jo vere her i to år,men TIL rykka dessverre ned og klubben måtte stramme inn økonomien og omorganisere stillingane. Det vert mindre keepertrenararbeid og det var ikkje så fristande for Thomas.

Bryne fotballklubb var derimot veldig klar for ein ny keepertrenar og difor flyttar heile familien til Bryne i januar.

Me har hatt eit utruleg flott år i Tromsø og det er med tungt hjerte me no startar å pakke sammen tinga våre.
Fantastisk natur,gode opplevingar og ikkje minst alle dei flotte menneska me har blitt kjent gjer at dette er eit minne for livet.

No ventar nye utfordringar på Bryne.
Eg har fått jobb på Klepp ungdomskule og det vert snart avklart kva skule ungane skal gå på.
Ungane har tatt det utruleg bra, så eg håpar overgangen går greitt.......

Me kjem no nærmare venner og familie i Stavanger, på Voss og i Bergen, det kan jo vere greitt.

Enn så lenge skal me bruka tida godt fram mot flytting og ta farvel med venner og kollegaer.

Ha ei fin helg !
Klem frå Tromsø.

Nb! Må nok skifte navn på bloggen. Har de forslag?

5 kommentarer:

  1. Det är ju såååå tråkigt att ni ska flytta!!! Nu när vi lärt känna varandra och allt. Vi kommer sakna er!
    Kram Agnes

    SvarSlett
  2. Me kjem til å savne dykk og! Du har tatt veldig godt imot meg når eg kom til Tromsø og det er alltid koselig når me møtest. No kan eg heldigvis følge bloggen din framover så veit eg litt om kva som skjer:-)
    Klem

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med ny jobb, begge to! Eg gler meg til de kjem litt nærmare! :)
    Men eg skjønar at det er leit å reise frå Tromsø, der de har hatt mange gode opplevingar, og fått gode venner og kollegaer.
    Har de funne leilighet/hus på Bryne?

    Skal prøve å finne på navneforslag til bloggen din. :)
    Klem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, me har funne oss fint rekkehus i gangavstand til sentrum, Bryne stadion og skulane.....så då er det berre å ta turen:-) No nærmar det seg juleferie og då satsar eg på å få sjå nye huset dekans. Vert det julefeiring på Sotra?

      Slett