Då er det gått nesten ei veke sidan me kom til Bryne. Ganske hektisk veke med innflytting,nye skular,nye jobbar og nye idrettslag.
Veldig rart å starte opp på nytt ,og mandagen var ganske tung..... både store og små savna Tromsø.
Men utover i veka har det komme seg og me startar å komme inn i det.
Thomas er godt igang med keepertrenerjobben. Lange dagar,men kjekke folk og ivrige keeperar.
Nora har starta på Bryne ungdomskule og har etterkvart blitt kjent med nokre av klassekompisane. Fredag var ho på besøk til ei av dei ilag med fleire andre jenter . Kjekt at dei inviterer ho med. Det lovar bra....
Isak og Lukas har starta på Bryne skule og trives bra allerede etter ei veke. Denne helga er klassebamsen til Lukas, Teddy, på besøk så me må skrive dagbok i morgon.
Eg har kome igang på Klepp skule. Fin skule og koselege elevar og kollegaer, men det var litt rart å ikkje vere med gjengen på Rød1.......vert kjekt å komme inn i det.
I dag har me vore på shopping. Først sykkelshopping til Isak på Bryne, før me kjørte til Kvadrat til stor glede for Nora. Der åt me lunsj på Dolly Dimples og dessert på Ben &Jerrys. Veldig god is:-)
No er det lørdagskveld i sofaen, utruleg godt med helg.....
I morgon er me invitert på middag hjå Øystein og Janne i Stavanger . Kjekt å komme nærmare familien:-)
Ha ei fin helg! Klem frå Bryne.
Lukas og Teddy
Første svømmetrening for Lukas ( "det va so utruleg tungt")
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar