mandag 13. januar 2014

Sightseeing på Jæren

Søndag ville me sjå ei av jærstrendene og kjørte difor til ei strand 10min frå Bryne. Sola skein , men ganske bra med vind.

Det er utruleg flotte strender her , så me satsar på strålande sommarvær. Søndag var det faktisk to som var uti og bada,men det frista ikkje......

Etter strandbesøket kjørte me til Stavanger og på middagsbesøk. Janne laga nydeleg finnbiff og hadde masse gode kakerestar. Isak hadde med eige bidrag til kakebordet,då han var tidleg oppe og baka.

I dag er me igang med ny veke. Litt lettare å komme igang denne gongen. Lukas har vore på besøk med vennegruppa si. Me andre har fått handla og gjort lekser,men tida flyr så då er det vel snart på tide å krype til køys.

Klem frå Bryne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar