søndag 19. januar 2014

Ting byrjar å roe seg

Då har me vore endå ei veke på Bryne og ting byrjar å gå seg til. Me er blitt litt kjent i området og ungane er blitt kjent med skule og fritidsanlegg.
Vekene går fort med kulturskule,fotballtreningar og svømming. Men denne veka har tilogmed eg fått trent. Dei har EVO på Bryne også og det er litt billegare enn dei store sentra. Det passar fint for meg som ikkje rekk å trene så ofte......
Denne helga har det vore storm her så me har holdt oss innandørs. Lørdag vart det cafe,shopping og film. Nora var med venninner, og gutane vart lei etter nokre timar så eg og Thomas var på Jærhagen kjøpesenter åleine.
I dag tok Thomas ungane med på banen for ei ekstra fotballøkt. Det var ganske kald vind,så etter to timar ute smaka det godt med varm kakao inne. Etterpå har me prøvd ut stadion bowling. Og då tok me likegodt middagen der. Har blitt litt bowling på oss siste året,perfekt aktivitet i dårleg vær.
I kveld har eg baka bollar . Grove sjølvsagt,sidan eg ikkje toler kveitemjøl,men dei vart veldig gode allikevel. No er det førebuing til neste veke. Eg kosar meg med molekylbyggesett og skal lage aerobicprogram ,mens Thomas får unna litt mail.
Håpar alle har hatt ei god helg.
Siri
Nytt keepertalent?
 
Kakao på jordbærpikene smakar like bra på Bryne....
 
 
Druesukkermolekyl, viss nokon lurar:-) 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar