torsdag 2. januar 2014

Ein god start

I dag starta dagen med  eit stort smil frå Kaja,då er jo dagen redda...... Etter morgenkaffi og slumring på sofaen fekk eg og Mariell oss årets første joggetur frå Ask til Haugland ilag med Theo. Theo var faktisk den med dårlegast kondis,så etter 5km vart det litt powerwalk heimover.

Etter frukost tok me båten til bergen. Eg stakk til Fyllingsdalen og henta Lukas og så fekk me oss ein koseleg tur utover mot klosteret og verftet. Været var mildt sagt dårleg så me trakk innomhus og rakk 4toget til Voss.

No har eg funne meg te og bok så då er kveldskosen i boks:-)

Ein super start på det nye året- i morgon er det jobbing hjå mosjonsgutane så starten på året lovar bra.

Snart helg igjen-god fredag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar