søndag 31. mars 2013

Påsken 2013

Då er me tilbake i Tromsø etter påskeferie på vestlandet. Torsdag var me på besøk til Mariell og Eirik og fekk sjå vesle Kaia. Ho var endå skjønnare enn på bileta. Me reiste vidare til Fyllingsdalen på ettermiddagen og  overnatta hjå mormor og morfar før me tok turen til Voss,etter ein  skikkeleg mormorfrukost med bacon og egg....

Fredag feira me bursdag og besøkte Siri og Trond på kvelden. Lørdag tok  Thomas og Trond ungane med på slalom. Fantastisk påskevær!! Eg og siri fekk masse kvalitetstid i Kalvatrevegen og Siri laga middag til heile gjengen. Alltid koselig når me samlast, og me gledar oss masse til dei kjem nordover i juli!

Søndagen feira Nora bursdag med "vossavennane" og me koste oss med pinnakjøtmiddag, utruleg godt også i mars.......

Mandag reiste Thomas tilbake til Tromsø og eg fekk frukost i Fyllingsdalen ilag med morfar, mormor, Nina, Gjermund og ungane. Abel var blitt så stor og kunne prate masse med tante, utruleg at han snart er to år. På kvelden tok eg turen til Lydvo hjå Lene. Heldigvis vart det kvelds der, fantastisk suppe!

Tirsdag var eg, Nora , Lukas og Besta på Hamlagrø på ski. Fint vær og god niste, skikkeleg påskestemning med andre ord. Om kvelden var eg på besøk til Inken, snacks, tv og prating, lenge sidan sist så det var på tide.

Onsdag fekk me med oss Besten, Isak, Øystein, Janne, Sjur og Tobias også på ski. Besten (tidl Kretsmester i hopp) hadde hoppkurs og Isak fekk lengste hopp på 8m. Her er eit av hoppa som hadde best avslutning..........
Torsdag dro eg til Bergen og møtte Torunn, me fekk oss ein flott tur på Fløyen. Litt isete men flott vær og koselig selskap.
Deretter fekk eg ettermiddagen med søstrene mine på Askøy. Flotte turar med Theo, kos med Musken, Ninuss og kaja og vårstemning. Var kjempekjekt å sjå dei att. Sjeldan me greier å møtast alle tre, så det må me verta flinkare til...........
Lørdag gjekk turen til Radøy og hytta. Her var våren kome og Nora fekk årets første Torsk. Truleg den største som er teken av familien Midttun Solberg.
Søndag er me tilbake i Tromsø og her er det kome store mengder snø,ingen vår i sikte her,  så familien nytta sjansen til å hoppe i snøen.
 
 
Ferien har altså vore allsidig og aktiv. kjempekjekt å sjå att alle kjente. me gledar oss allerede til me treffest igjen.
 
Klem frå Siri


fredag 22. mars 2013

Heilt rått

Gratulerer med dagen til verdens beste Nora som blir tenåring i dag!

Onsdag var eg med TILfruene på RÅ sushibar i Tromsø. Har ikkje vore superentusiastisk til sushi før,men etter onsdag...........
Utruleg god mat. Vert garantert meir rå fisk framover.
Ellers har me no starta påskeferien og i går  fekk me møta Kaja. Ho e berre nydelig. Koste oss masse med tur og cafebesøk. No sitt me på toget mot Voss. Lukas skal på Raugstad og leite etter påskeharen og Nora på skulen.
Ha ein super dag.

søndag 17. mars 2013

Travle tider

Då er enno ei veke gått. Utruleg at me har vore her i over 2 månader allereie.
Det har vore ei ganske vanleg veke .Fredag var eg igjen på ski med klassen og me hadde strålande vær 6fredagen på rad....... Det er alt mogleg slags vær heile veka, men fredagen er altså "bankers".


I helga har det vore fotballturnering på Nora i storelvahallen. Dei møtte litt eldre jenter så det vart litt tøffe kampar, men avslutta med seier 4-2 i siste kamp (Nora scora to:-).
Isak er blitt trivselsleder på skulen og har vore med på pauseunderhaldning i NM i basketball.

I dag har Nora feira bursdag med 10 venninner,og har stort sett ordna alt sjølv.
 Eg og gutane var på kino og såg "Karsten og Petra". Kjempekoselig film......


Thomas og "gutan" er i Sogndal i helga. Det var Stor stas i heimen når me såg pappa på tv...
kampen altså enda uavgjort.

Ellers er det mykje jobb akkurat no.Samtalar,muntlig tentamen,retting og oppgåver. Men trøsten er at det berre er få dagar til påskeferie.

Ha ei god ny veke.

søndag 10. mars 2013

Sol og snøstorm

Denne veka har det vore vannvittig vær. Strålande sol og vindstille tidleg og full snøstorm på ettermiddagen. Ellers har det vore vanleg veka. Ski,fotball,svømming,kampar og renn. Me kjedar oss hvertfall ikkje.........

Denne helga var det fotballcup for isak sitt lag fredagen på kvaløya. Dei vann alle kampane og var særs nøgde. Isak feira med å kasta trøya . Me markerar oss altså stadig meir i Tromsø:-)

Nora fekk prøvd ut ellvarfotball i kamp . Jentene var kjempeflinke.

I dag var me fyrst i skøytehallen,før me såg kamp. TIL møtte Bodø glimt og me fekk prøvd ut losjane på Alfheim. Eit lite hakk opp frå sidelinja på prestegardslandet.......

Møtte masse kjekke fotballfruer og så vann jo "Gutan" kampen.

Ha ein flott søndagskveld.

søndag 3. mars 2013

Vinterferien 2013

Då er vinterferien over for denne gong.Thomas kom heim frå Tyrkia på tirsdag, så no er det heldigvis slutt på langturane. Berre kort tid til sesongen startar, så ingen ferie for keepertrenaren, men han har jobba korte dagar. 
Det har som nemnt tidlegare ikkje vore særleg til vær før no i helga, men me har fått med oss mange inneaktivitetar i Tromsø.

Veka har vore begivenhetsrik. Vitensenter, kino, terapibad, bibliotek, ski og fotball. Nora filma denne videoen på vitensenteret, det er absolutt verdt eit besøk om de kjem til Tromsø.
I går kom finværet og me fekk oss ein flott skitur til Charlottenlund mens Isak var på fotballtrening. I dag har me prøvd ut gressmatta på Alfheim, ser veldig bra ut. Isak fekk seg ei kjekk økt med Thomas. No er me akkurat ferdig med middag og dessert. Nora laga verdens beste pavlova. Ho har lova å lage denne til bursdagen på Voss òg, så det er berre å gleda seg.........



Det kjekkaste denne veka var sjølvsagt at Tante mel og onkel Eirik fekk ei lita jente. Fantastisk søt!!!
Gledar oss masse til å besøke ho på Askøy. Her er siste biletet eg har fått.
Håpar de har hatt ei fin veke.

Klem frå Tromsø!!

fredag 1. mars 2013

Glamelding frå Voss!!

Flott dag i Tromsø i dag,og siste rest av vinterferien ventar. Men me er no kome inn att for å få med oss stafetten. Fekk glamelding frå voss i formiddag for då kom vesle Kaja til verden og eg er blitt tante igjen.Gratulerer til tante mel og onkel Eirik.
E ho ikkje skjønn......

Ha ein flott fredag.