fredag 8. august 2014

Lyngdalcup

Dette året var Lyngdalcup på programmet. Onsdag til søndag med masse kampar og mykje sosialt. Både Nora og Isak deltok. Eg og Lukas var støtteapparat og Thomas kom ned torsdag til fredag for å heie!

Isak vart dessverre skada fredagen og måtte sy kneet, men vart allikevel klar til siste kampen på lørdag.

Nora og jentene storspelte og kom heilt til finalen! Dessverre kom det sure tapet då, men ein knallturnering likevel.

Me budde ilag med dei andre familiane frå Bryne og det var difor mykje sosialt på kveldane. Lukas hadde heldigvis Bjørnar der, og dei hang ilag heile dagane (og nettene) Elles kunne det nok blitt litt mykje kampar og venting.

Søndagen gjekk turen heimover til kamp på Bryne stadion. Me rakk akkurat siste 15 min og Bryne vann endeleg!! 

Denne veka er besta og besten på besøk i Stavanger  og me skal nyte siste ferieveke:-)

Ny topp-Blåfjellenden!

Denne veka har me utforska Jæren. Mandag var på Orre og testa kiten til Isak. Flott vær, men nokså mykje vind. På kvelden vart eg og thomas invitert bort til Randolf og Heidi. Jannicke var på besøk også og det vart seint på natt før me kom oss heimover.

Tirsdagen var eg på fjelltur med Joveig og nokre venninner. Kjørte 1 time mot Sirdal og gjekk til Blåfjellenden. Fint vær, flott terreng,gode turkameratar og god niste.  Etter retur åt me middag på Byrkjedalstunet. Utruleg god mat- kjem garantert tilbake:-) Vel heime i ni tida, slokna eg på sofaen.

Onsdag var det vitengarden og Hå prestegard. Veldig kjekt å få utforska Jæren. Etterpå vart det trening og så kom eg heim til biffmiddag og vin. Kjekt å ha besøk av svigers!!