tirsdag 25. juni 2013

Siste innspurt!

Forrige veke var det avslutning kvar dag. Koselig men travelt. Nora hadde siste dag på barneskulen.............. Og Lukas hadde siste avslutning i barnehagen. Eg hadde første avslutning som kontaktlærar. Fantastisk gjeng med 10. Klassingar . Kjem til å savne dei til hausten.

Lørdag feira Isak 10års dag på Alfheim. Marcus og Benny var greie og stilte opp som målvakter i straffesparkkonkurransen. Uheldigvis fekk eg eit litt røft møte med dampovnen på kjøkkenet og endte festen på legevakten med isposar på ansiktet.

Nora spelte kamp i Tromsdalen. Mykje trening for tida då det nærmar seg fotballcup.

Om kvelden sprang eg og Isak Coop minimarathon (4,2 km). Kjempeinnsats av Isak, han tek nesten att mora.........

Søndag såg eg rett og slett så fæl ut at eg heldt meg inne heile dagen. Men då fekk eg jo tatt unna litt husarbeid og det er jo alltid bra.

Mandag fekk eg flotte blomar på døra av mamma og pappa. Alltid kjekt med omtanke:-)

I dag reiser Isak på leir i manndalen og i morgon reiser Nora til Piteå . Ferien er altså godt igang.

Ha ei fin veke.

søndag 16. juni 2013

Kos og cup!

Denne helga har me vore på Solifer cup på Bardufoss. Eg og Thomas var tidleg ferdig på fredagen og fekk nokre timar på verandaen i solskinnet før me reiste avgarde. Nora vart att i Tromsø og skulle overnatte på skulen ilag med klassen.
Tromsø hadde strålande sommarvær, men dessverre litt meir grått og vått i Bardufoss. Isak hadde ordna seg overnatting på hytta til Christoffer, mens eg, Thomas og Lukas overnatta i telt ( Takk for lånet, Trine Lill!!)
Isak var litt opptatt av at han gjekk glipp av Voss Cup, så då passa det jo godt at me fekk turnering her oppe samme helg. Flott turnering der alt var samla rundt banane . Lukas storkoste seg i campen og var ikkje i teltet før 23.00 på fredagen.
Isak og laget spelte godt og vann mesteparten av kampane, så stemninga har vore god. Lørdagen var me på Polarbadet og koste oss mellom kampane. Lukas var kjempenøgd etter å ha hoppa frå 3 meteren......

Eg , Thomas og Lukas reiste heim lørdagen, og brukte kvelden på å jage ei MUS ut av huset.
No vert det roleg søndag med tur og kafe.

fredag 7. juni 2013

Feriestemning

Hei!
Eg har hatt elevar oppe til muntleg eksamen i matematikk denne veka og det har vore hektiske dagar med trekking, veiledning og eksamen, men eg har heldigvis vore tidleg ferdig om dagane.Thomas har ferie no og då nyttar me sjansen til å få litt ekstra familietid. Det er som enno strålande sommarvær i Tromsø, så me har nok vore heldig med året.

Onsdag tok me middag i "bukta", flott vær og fakstisk lite folk i bukta. Lukas og Isak nytta sjansen til å bade litt, men det er framleis for kaldt for meg. (Det er nok mogleg at det ikkje kjem opp i "min" badetempratur denne sommaren).


Torsdag tok eg, Thomas, Nora og Lukas med oss middagsniste og prøvde fjellheisen i Tromsdalen. Isak ville heller vere på fotballskule....... ingen overraskelse. Fjellheisen var ein kort utgave av hangursbanen, men utsikten på toppen var nok desto meir fantastisk. Utsikt til alle kantar, rart å sjå tromsøya frå denne vinkelen.......I tillegg går denne heisen til kl.01.00. Me får prøve ut kveldstur seinare i sommar.
Lukas som er blitt ein ordentlig tøffing når det gjeld bading og nytta sjansen til å prøve ut fjellvatn.


Fredag hadde eg fri og eg og Thomas nytta sjansen til ein skikkelig kosedag. Trening , soling og "date" på Skarven. Årets første utepils  og rekesmørbrød gav skikkelig feriestemning. På vegen heim stakk me innom biblioteket og der sto...... Sykkelen som vart stjelt forrige helg!! Etter mye undersøking og hjelp frå politiet fekk me med oss sykkelen heim. Riktignok uten bagasjebrett, men med nytt sete og drikkeflaskestativ. Kvelden vart avslutta med grillmat, dessert og landskamp for gutta:-)

I dag er planen tivoli, men desverre er det litt gråvær på morgonen. Me får satse på at det lettar utover dagen.

Ha ei super helg! klem.

søndag 2. juni 2013

Mai månad

Då er eksamen over og eg får endeleg tid til å blogge litt. Mai har vore fantastisk. Sol og sydenstemning omtrent heile tida.
Mykje har skjedd denne månaden. Svigers har vore på besøk og fekk sjå Tromsø på sitt beste.Me var blant anna på fisketur ute hjå Truls på Kvaløya, ingen fisk men fin rotur og gode bollar på Budeia. Dei fekk også med seg kampen mot Brann, der "gutan" vann. Super stemning på Alfheim.

Lukas er blitt skulegut og fekk møta klasse og lærar. På skulen fekk han ny sekk og var veldig Stolt, gledar seg allreie til skulestart i August. Han får overta læraren til Isak så det vert knallbra.

Isak har spelt på avslutningskonsert på kulturskulen og har hatt kjempestart på sesongen med 7ar laget sitt.

Nora har fått møta klassen sin på ungdomskulen. Ho fekk med seg to av venninnene sine frå Bjerkaker og var kjempenøgd. Ganske rart å snart ha ungdomskulejente:-)


Elles er badesesongen i gang.Det er flott strand i "Bukta" og  både Nora og Lukas har vore uti og svømt. (framleis litt kaldt for oss andre). Vannvittig mykje folk der på solskinnsdagar, men ein finn alltid ein ledig flekk.          
 

Dette er mai månad i grove trekk. Avslutta dessverre månaden med at syklane til Nora og Isak vart stjelt, så helga er nytta til sykkeljakt.

No ventar siste rest av skuleåret og ferie. Berre ein månad til første besøket kjem. Trond og Siri kjem opp med ungane. Me gledar oss......
Ha ein fin søndag! Klem