søndag 25. august 2013

Travel oppstart og rolig søndag!

Denne veka gjekk fort. Skule,sfo, kampar ,treningar og kontrollar heile veka. Så no har eg funne fram familiekalenderen:-)

Men det var kjekt å komme igang og få oversikt. Lukas var på skulekontroll hjå helsesøster . Han både ser og høyrer godt så då skulle alt vere i orden.

Nora har hatt ei fin veke på ungdomskule og Isak er på plass i 5.

Fredag var heile TIL- gjengen med følge på Steakers og åt. God mat og koselig selskap. Sjølv etter ei travel veke er det greitt å komme seg ut litt. Nora var barnevakt, men forsvann på overnatting hjå ei venninne når me kom heim.

Thomas er reist til Haugesund denne helga men me andre har hatt roleg helg.

I dag var eg og gutane på bading på ST. Elisabethsenteret. Eg og Lukas kom oss på kino etterpå. "Mormor og de åtte ungene", veldig koselig film.
No har me hatt oss ein liten sykkeltur før me avsluttar kvelden med kamp og "karate kid". Heia TIL!

GOD SØNDAG!

onsdag 21. august 2013

Hit eitt steg og dit eitt steg.....

Då er Lukas vorten skulegut, og har hatt sine første dagar på skulen.

Det var ein skikkeleg spent gut som stod utanfor Bjerkaker skule mandags morgon. Men starten gjekk kjempefint og han er allerede godt igang med lekser.

Isak er byrja på mellomtrinnet og har kome godt igang med alle fritidssyslene.

Nora er blitt ungdomskuleelev og har også hatt ein god start på året. I morgon er første leksjon med fransk.

I dag er det kamp for Isak og Lukas skal springe terrengløp så eg får blogge meir seinare.

Ha ein fin onsdag!

søndag 18. august 2013

Søndag og sol!

Nydelig vær i dag, så då vart det fisking på meg,Thomas og gutane.
Håkøybrua var bra i dag og, men berre småfisk som beit på.
Etterpå fekk gutane vere med på Rica og ete middag med TIL. Lukas syntes det var stor stas og tok sjølvsagt på seg skjorte og slips han og.
Det var kampdag i dag, men "gutan" gjekk på eit nytt tap dessverre.
Når me kom heim hadde Nora baka kake, så då vart avslutningen på dagen god.
I morgon er fyrste skuledag så det er nokre ganske spente born som slit med å få sove.
Klem frå Tromsø
 
Må nett leggja med bilete av blomane me planta når Torunn var her, grønne fingre......... 

lørdag 17. august 2013

Klar for helg og skulestart!

Då er eg igang og neste veke skal Lukas ha første skuledag og Nora skal på ungdomskule. Me gledar oss men det vert skikkeleg rart å berre ha skuleungar..........
Denne helga er det regn og skyer i Tromsø, men me har kost oss allikevel.

Isak hadde trening tidleg og skynda seg heim etterpå for å rekke Liverpoolkamp på tv. Ikkje mykje anna enn fotball som gjeld altså.
Thomas hadde ein kort økt på jobb før me stakk til byn på biblioteket.Det er skikkeleg flott bibliotek her, med stor barneavdeling for Lukas og eigen avisavdeling til Thomas, så dette har vorte ein fast regnværsaktivitet.

Nora har vore på shoppingtur med venninna Charlotte, så då er vel høstgarderoben i boks.......
Ellers fekk eg og Thomas oss ein god joggetur i regnet,det gjorde godt før taco og sofakos.

I morgon er det kampdag TIL møter aafk. Men me rekk nok ein tur før den tid.
Håpar de har hatt ein god start på helga!
Klem

tirsdag 13. august 2013

Siste feriedag!

Då er ferien over for denne gong. Siste feriedag tok me oss ein tur til Håkøy for å fiske.

Litt grått vær,men masse fisk. Nora fekk blant anna ein stor makrell.

Eg og Lukas gjekk på oppdagelsesferd i fjæra og fann masse spennande skjell og steinar.

Ellers har Isak hatt besøk av nokre nabogutar  og me har hatt fotballkampar i hagen. Eine kompisen vart igjen på overnatting og no er det kanskje på tide å få dei i seng..................

Håpar de har hatt ein fin start på veka. Klem

søndag 11. august 2013

Topp ni!

I dag var eg og Lukas klar for topp ni, Jamnfjellet på kvaløya. Kjørte til finnvikdalen og gjekk opp på motsatt side av sørtinden.
Turen til jamnfjellet var unnagjort på ein halv time, så etter ein god pause fortsatte me vidare mot Kjølen.
Me gjekk til Lukas var lei, så eg vil gjette at me kom halvvegs før me snudde.









 
 
 
Etterpå slappa me av på altanen før me tok oss ein tur til byn.
No er det øyeblikk kamp på tv.
Heia TIL!

Legg ved Bilete av Isak sin fangst på hyttetur.
 
 
God søndag alle sammen!
Gratulerer med dagen til Leon som vert 5 år i morgon!!
 

lørdag 10. august 2013

Fisking på Håkøybrua og filmkveld!

I dag kom finværet tilbake og eg,Nora og Lukas kjørte til Håkøy for å prøve fiskelykka. Masse fisk og Nora fekk den største makrellen eg har sett. Dessverre glapp den før me fekk dradd den heilt opp..............( veeeldig fiskehistorie, men det er heilt sant)
 Ho fekk også torsk,sei og ein sjøfugl som vikla seg inn i snøret...


Thomas har vore i Luxembourg og er no reist vidare til Sandnes etter ein veldig spennande straffekonkurranse og avansement i Europacupen. Neste utanlandstur vert til Istanbul om tre veker.

Isak er på hyttetur med kompisen Ludwig heile helga og prøver fiskelykka der. Han hadde nett tid til to minutt med mammen på telefon før han skulle i badestamp, og skal nytta kveld og natt til å sette kveitevad???

No har me hatt kosekveld med film,brus og chips. Hadde sjølvsagt litt frukt og. Fem om dagen er nemleg også ein del av høstens challenge med systo.........


Håpar de har hatt ein fin lørdag.
Klem


( Ekstra stor klem til Emma som blir 15 i morgon. Gratulerer!!!)
 
Inspirert av Mariell som er så flink til å dandere, måtte eg prøve meg og.
Smakar faktisk ekstra godt når ein får det slik....... 

tirsdag 6. august 2013

Åtte på topp!

Ny flott dag i Tromsø.

I dag fekk eg med heile familien på Trehjørningen på Kvaløya.
Kjempefin tur, ikkje for bratt og turen opp tok 40 min med pausar. Utsikten på toppen var kjempeflott.


No er Isak reist på fotballskule og me andre får nyta dagen samen med Thomas ,som reiser til luxembourg i morgon tidleg. Seinare i dag vert det fotballkamp med Isak. Nora spelte sin første kamp etter ferien i går. Nora var keeper og jentene spelte kjempebra, men gjekk dessverre på eit tap....



I bakgrunnen ser de Blåmannen der det var ei fallulykke i går..........





Stoor klem til Torunn som har bursdag i dag:-)
 
 
Ha ein fin tirsdag . Klem