tirsdag 26. februar 2013

What to do on a rainy day......

Då er eg halvegs i eksamen og ligg ganske greitt ann. Vinterferieværet er ganske dårleg, så då må ein vere kreative. I går vart det kino på Nora og Isak, og i dag har eg tatt med bøkene i bowlinghallen . Heldigvis skin det litt opp ute no,så då får me oss gjerne ein tur ut i morgon. Ha ein flott tirsdag!!

søndag 24. februar 2013

Klar for Vinterferie!

Då er det gått enno ei veke og den har vore like allsidig som alltid. Mandag var Lukas ferdig med fyrste del av svømmekurs og fekk skilpaddemerke. Isak var som vanleg på onsdagsrenn. I stiv kuling,men det var jo ein god grunn til å gå raskt.
Eg har ski i kroppsøving denne perioden og har fått brukt arbeidstida til å gå på ski i strålande tromsøvær.

Fredag hadde Nora med seg venninner heim, og eg og gutane tok oss difor ein tur på byn. Me såg blant anna på hurtigruta. Trur me er nødt til å ta oss ein tur i løpet av året.

Denne helga har som vanleg gått med til skitur i løypene på tromsøya.

I dag var det ikkje skivær så då testa me ut nordnorsk vitensenter.

Så skulle eg eigentleg gå meg ein tur. Men det var rett og slett lite fristande,så det vart tur på tredemølle istadenfor........

No ventar det ein bunke med matteprøvar som skal rettast,før eg har heimeeksamen man til ons. Heldigvis kjem Thomas heim på tirsdag, så me rekk litt vinterferie heile gjengen.
Ha ein fin fin kveld. Klem frå Tromsø

søndag 17. februar 2013

Tortillasagne

Prøvde ut lasagne med tortillalefser i dag. Knallgodt,så dette vert nok ein klassiker.

1pk tortillalefser
1pk karbonadedeig
1/2 rødløk
2fedd kvitløk
1bx tomat
Litt tomatpure
Tacokrydder

Kvit saus:
2dl mjølk
2ss mjøl( eg brukte fullkornsmjøl)
Salt
Pepper
1dl revet ost

Legg kjøttsaus, tortillalefser og ostesaus lagvis i ei kakeform. Avslutt med ostesaus og ekstra ost på toppen. 200 grader i 15 min. Eg serverte med salat.

Ha ein fin søndagskveld.

Ut i skauen

Denne veka har flydd. Me har vore over ein månad i Tromsø og ting byrjar å bli rutine allerede. Thomas reiste til Tyrkia på treningsleir fredag så då er eg fotballenke dei neste 10 dagane. I dag har eg og ungane besøkt "gutta på skauen" i tromsdalen. Det er ei pensjonistgruppe som serverer bålkaffe og bollar i ein lavo eit stykke inni tromsdalen. Flott skitur(sjølv om sola ikkje kom ned i dalen) og gode bollar. 

Siri

mandag 11. februar 2013

Pannekaker

Mandag er pannekakedag. Tante mel har etterlyst oppskrifter,så her kjem den

2,5dl fullkornskveitemjøl
2,5 dl havremjøl
1 l mjølk
1ts vaniljesukker
1ts salt
5-6 egg

Viss du ikkje har havremjøl kan du bruke havregryn.
Sunt og godt og fort gjort:-)
Ha ein fin kveld.

søndag 10. februar 2013

Søndag og Morsdag

Morsdag i dag, så eg starta dagen med presanger på senga og nysteikte vafler.Herlig!!
Har vore endå ei travel veke i Tromsø. Fotballtrening, skirenn,svømmekurs og  fotballkamp med Thomas på trenarbenken ( artig!)

Lørdag testa eg og Lukas ut Leos lekeland, Lukas vart storfornøgd ( Eg var fornøgd etter ein time, Lukas først etter 3 timar.....) Isak var med kompis på slalom i eit lite trekk på Tromsøya -  "Bak Olsen" og Nora shoppa med venninner på "Jekta" . Allsidig aktivitet altså.

I dag har me vore på besøk til "Budeia" .Truls (kollega til Thomas)og kona har søndagsåpen låvebutikk på kvaløya. Boller, kakao og interiør, kan det bli bedre..
På låven var fleire av kollegaene til Thomas, og me fekk prøvd ut engelsk Chili ( John hadde med) og  svenske "semler"( baka av eine keeperen). Me hadde med ski òg, men det var så koselig på låven at me kom aldri så langt.

No går resten av kvelden til oppgåveskriving, før me ladar opp til ny veke med mykje moro.

Håpar det står bra til med alle kjente, ha ein fortsatt fin søndag.

Siri:-)

tirsdag 5. februar 2013

Å komme i orden



Etter ein månad er me nesten i orden i leiligheten,har vore ein utfordring å finne plass til alt av klede og fritidsutstyr , så det har blitt ein del kreative løysingar .mykje trådkorger og skoskap rundt omkring. Siste rest var gardiner og dei fann eg i dag på Åhlens! Tenkte eigentleg at me ikkje kom til å trenge dei, då det er stort sett har vore mørkt og at det lyset som er , er så flott at me ikkje kan stenge det ute. Men det vart jo koselig.
Ellers har eg denne veka samisk veke på skulen, og i går hadde EG lassokastingskurs for elevane på basen min. Gjett om dei lo godt på lærarrommet...... Men ingenting er umulig for ein vestlending når NRK har lagt ut instruksjonsvideo med Lars Monsen ( "lær å kaste lasso").
 
 Lukas held for tida på med Pingvin kurs i svømming, og i går lærte han pusteteknikk - artig å sjå på.....Trur det er litt kjekt å få sin eigen aktivitet og ikkje berre henge med på slep.¨
 
I kveld er gutane på fotball, mens eg og Nora held fram med strikkinga. Som alltid flott lys ute, måtte legge ved dette biletet sjølv om kvaliteten er dårleg.
Ha ein super kveld!
S.

søndag 3. februar 2013

Allerede søndag igjen

Då er det gått enno ei veke i Tromsø, og no er Thomas kome heim!!! Denne veka har det vore utruleg flott vær og me har fått mange flotte skiturar på Tromsøya. Thomas og ungane testa også Tromsø alpinanlegg. Litt mindre enn me er vane til på Voss, men fantastisk utsikt og føre. På skulen min har me hatt kulturveke denne veka, og eg har hatt ansvar for dansegruppa. Hip hop kurs, magedans og Yoga - herlig arbeidsveke......
Onsdag hadde eg fri så då fekk og Lukas os faktisk to turar på ski og var på "onsdagsrenn".

Idag har heile familien vore på ski og aka ved Charlottenlund. Masse folk, flott føre og endå ein dag med sol!!.
No er det slapp kveld i sofaen, med strikking til "prinsessa" i magen til tante Mel.Me gledar oss kjempemasse (15 dagar igjen).

Siri