tirsdag 5. februar 2013

Å komme i orden



Etter ein månad er me nesten i orden i leiligheten,har vore ein utfordring å finne plass til alt av klede og fritidsutstyr , så det har blitt ein del kreative løysingar .mykje trådkorger og skoskap rundt omkring. Siste rest var gardiner og dei fann eg i dag på Åhlens! Tenkte eigentleg at me ikkje kom til å trenge dei, då det er stort sett har vore mørkt og at det lyset som er , er så flott at me ikkje kan stenge det ute. Men det vart jo koselig.
Ellers har eg denne veka samisk veke på skulen, og i går hadde EG lassokastingskurs for elevane på basen min. Gjett om dei lo godt på lærarrommet...... Men ingenting er umulig for ein vestlending når NRK har lagt ut instruksjonsvideo med Lars Monsen ( "lær å kaste lasso").
 
 Lukas held for tida på med Pingvin kurs i svømming, og i går lærte han pusteteknikk - artig å sjå på.....Trur det er litt kjekt å få sin eigen aktivitet og ikkje berre henge med på slep.¨
 
I kveld er gutane på fotball, mens eg og Nora held fram med strikkinga. Som alltid flott lys ute, måtte legge ved dette biletet sjølv om kvaliteten er dårleg.
Ha ein super kveld!
S.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar