søndag 17. februar 2013

Ut i skauen

Denne veka har flydd. Me har vore over ein månad i Tromsø og ting byrjar å bli rutine allerede. Thomas reiste til Tyrkia på treningsleir fredag så då er eg fotballenke dei neste 10 dagane. I dag har eg og ungane besøkt "gutta på skauen" i tromsdalen. Det er ei pensjonistgruppe som serverer bålkaffe og bollar i ein lavo eit stykke inni tromsdalen. Flott skitur(sjølv om sola ikkje kom ned i dalen) og gode bollar. 

Siri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar