torsdag 5. mars 2015

Vinterferie og hyttetur

I vinterferien var me heim til Voss.  Nora hadde med seg venninna Marie for å visa heimplassen. Knallvær og ski første tre dagane. Mandagen var me først på fjellet før me tok turen til Siri og Trond for endå eit koselig måltid.  Tirsdag kjørte eg Thomas til bergen for han skulle tilbake til Bryne. Ingen ferie for fotballtrenarar.......
Eg vart igjen og nytta sjansen til å besøke familie og venner.først gjekk turen til Fyllingsdalen for å hjelpe mor (for tida med beinbrot) Fekk også tid til Kafebesøk med pappa før klokka var 12.
På ettermiddagen fekk eg med meg Torunn og testa ut ny sushirestaurant, Sumo. Fantastisk god sushi, har tidlegare hatt "rå" i Tromsø som favoritt, men no er eg litt usikker.
Etterpå kjørte eg til Askøy for å besøke systo. Kaja var blitt så stor! Alltid kjekt å sjå dei, men skulle hatt så mykje meir tid.
Resten av ferien var det avslapning på Voss hjå svigers og koselige kafebesøk og kaffibesøk hjå venner.

Helga etterpå var me invitert på hyttetur til Sirdal. Me var på hytta til Mæland, men minstemann hadde tatt turen til Sunde si hytte ilag med kompisen. Ikkje knallvær denne helga , men ei veldig koselig og artig helg. God mat , ski, aking og spel. På turen heim heldt me nesten på å bli tatt av isblokk, men me hadde heldigvis flaks denne gongen..  ....

Tungt å starte påan igjen på mandagen, men no nærmar det seg heldigvis ny helg.

Ha ei knall helg!

fredag 23. januar 2015

Godt igang med nytt år!

Blogging er nedprioritert for tida, men sidan sist har me hatt ei knalljol på Voss og koseleg nyttårfeiring hjå Lene og Jan Steinar ilag med Siri , Trond og ungane.

Året er godt igang og helgene går stort sett med til turneringar i handball eller fotball med ungane.

Thomas er framleis trener på Bryne men har også fått trenerjobb på fotballandslaget til gutter16 og er denne veka på turnering i Tyrkia. Dei spelar bronsefinale i dag, kryssar fingrane:-)

Eg syslar litt som student og har nettopp fått godkjent eksamensoppgåva. Berre munnleg eksamen igjen så er eg kvalifisert praksislærar:-)

Denne veka slo influensaen til hjå meg, så eg har tilbrakt ettermiddagane på sofaen. Ungane har laga middag, vaska klær, rydda og passa på meg. Fantastisk med store og flinke ungar!

Håpar alle har fått ein god start på det nye året!