lørdag 29. november 2014

Londontur

Lenge sidan siste oppdatering, men tida strekk ikkje til. Hausten har gått så fort. Stort sett mykje program både veker og helger. Men me stortrivs og kosar oss masse på Jæren.

Forrige torsdag reiste heile familien til London. Me hadde 6 knalldagar i London.
Etter mykje styr med hotellbookinga(kjem ikkje til å nytta hotell.no meir) fann me til slutt rom sjølv i Paddington.  Lite rom, men me hadde jo ikkje tenkt å vere der så mykje. 

Fredag var me på shoppingsenter, museum og Regent street , Lørdagen på "sea life" og i Covent garden .Lukas var heilt fascinert av haiane, så då var det verdt 40 min i kø.  Søndagen var det kamp Crystal Palace mot Liverpool. Dårlig vær, men knallstemning på stadion. Etter kampen åt me middag med kjentfolk frå Tromsø som me møtte på heilt tilfeldig i Oxford Street:-)

Mandagen var me på Warner Bros sitt filmstudio i Watford der dei filma Harry
Potter. Veldig bra opplegg med film, kulisser og effekter. Lukas kjøpte med seg tryllestav og jammen fann me ikkje eit par julepresanger der og:-)

Tysdagen tok me ny tur til Westfield for julepresangshopping.  Vart litt av det og mest juleshopping til oss sjølve:-) om kvelden tok me fly heim att.Litt godt å komme tilbake i eigen seng....... men London var fantastisk.

Denne helga var det årsfest i Bryne FK fredagen og i dag har me feira Thomas heime.  I morgon vert det stille og rolig. Første lys skal tennast og så vert det pepperkakehuslaging. Gleder meg til adventstida, i fjor forsvann Desember i flytting og vasking så dette året skal den nytast:-)

God advent til alle sammen!

søndag 12. oktober 2014

Sirdal

Denne helga var me på hyttetur til Sirdal med familien Sunde. Dei har kjempekoselig hytta litt innover på fjellet. Litt grått vær , men me fekk ein flott tur lørdagen. Då gjekk me i retning Kvinen. På turen fekk me grilla, fiska og leika "gje eit lite vink". Været heldt seg ganske bra, og etter nokre timar ute var det koselig å komme tilbake til hytta og fyre i peisen.

Om kvelden vart det middag, speling og quiz før ungane hadde kino i annekset (eller spelerommet som Lukas kalla det).

Søndagen vart det sein frukost før kanopadling og bading (for dei tøffaste).
Ei veldig koselig helg med masse aktivitet.

No er heile familien samla i sofaen til "farmen"  og kvelds . Satsar på tidleg kveld slik at me er klare for ny arbeidsveke.

Håpar alle har hatt ei fin helg!

mandag 6. oktober 2014

Haust

Då er hausten kome etter ein utruleg fin sommar. Vekene raser avgårde og i helgene er det fotballturneringar rundt omkring. Forrige helg var eg og Thomas på Voss for å vere med å feira Gunn Marit sin 40års dag. Mormor kom til Bryne for å passe gutane. I tillegg var det potetfestival på Bryne denne helga så då var det jo ekstra  mykje å vise fram til mormor:-) Søndagen rakk eg også kvalitetstid med pappen i Fyllingsdalen før eg flaug heimover.

Denne helga var det keeperskule og 60 spente små keepere var med. Lørdagskvelden var familien på middag hos familien Sunde. Eg prøvde ut Dronning Maud pudding som forsvann fort. Må nok lage den igjen.........

Søndag tok besta og besten med seg ungane til Voss på haustferie. 4 barnefrie dagar skal nyttast til jobb, trening, rydding og kos, før heile familien tek turen til Sirdal neste helg.

I dag har eg og thomas hatt ein lang morning , trent og gått på cafe. Mathallen på Bryne kan anbefalast........
I tillegg var det kamp for brynegutta. Tromsø skulle sikra opprykk, medan Bryne skulle sikre fortsatt 1.divisjon. Fantastisk kamp og Bryne vann 2-1. Stor stemning i heimen i kveld!

God haustferie alle sammen!
Klem frå Bryne

søndag 7. september 2014

Oslotur og skulestart

Det har vore usedvanleg travelt denne månaden og då er det blogging som kjem sist på lista. Skuleåret er godt igang og me nærmar oss haustferie. Siste rest av ferien vart i Oslo. Eg og Nora tok turen til "tante Nina" og gjengen for å sjå det nye huset. Såå fint hus og nydeleg vær i Oslo. Masse kvalitetstid med nevøer og shoppingdag med Nora var noko av programmet.

Skulestart gjekk fint og ungane syntest det var kjekt å møte alle kompisar igjen.
Vekene flyg med håndball, fotball og symjetreningar. I helgene har me kost oss med fjellturar, bading og kafebesøk.

Denne helga var det Knottenturnering på Bryne og då eg er med i komiteen vart det ei travel men artig helg. Lukas spelte kampar og resten av familien var med i dugnadsgjengen.

I dag var me innom tivoli på Jærhagen før me bada i klepphallen. Det vart også tid til baking. Eg og Lukas laga årets første eplekake, og den forsvann fort.......

Elles er eg no student (igjen) og i morgon er det studier på UIS. 

Håpar alle har hatt ei fin helg!

fredag 8. august 2014

Lyngdalcup

Dette året var Lyngdalcup på programmet. Onsdag til søndag med masse kampar og mykje sosialt. Både Nora og Isak deltok. Eg og Lukas var støtteapparat og Thomas kom ned torsdag til fredag for å heie!

Isak vart dessverre skada fredagen og måtte sy kneet, men vart allikevel klar til siste kampen på lørdag.

Nora og jentene storspelte og kom heilt til finalen! Dessverre kom det sure tapet då, men ein knallturnering likevel.

Me budde ilag med dei andre familiane frå Bryne og det var difor mykje sosialt på kveldane. Lukas hadde heldigvis Bjørnar der, og dei hang ilag heile dagane (og nettene) Elles kunne det nok blitt litt mykje kampar og venting.

Søndagen gjekk turen heimover til kamp på Bryne stadion. Me rakk akkurat siste 15 min og Bryne vann endeleg!! 

Denne veka er besta og besten på besøk i Stavanger  og me skal nyte siste ferieveke:-)

Ny topp-Blåfjellenden!

Denne veka har me utforska Jæren. Mandag var på Orre og testa kiten til Isak. Flott vær, men nokså mykje vind. På kvelden vart eg og thomas invitert bort til Randolf og Heidi. Jannicke var på besøk også og det vart seint på natt før me kom oss heimover.

Tirsdagen var eg på fjelltur med Joveig og nokre venninner. Kjørte 1 time mot Sirdal og gjekk til Blåfjellenden. Fint vær, flott terreng,gode turkameratar og god niste.  Etter retur åt me middag på Byrkjedalstunet. Utruleg god mat- kjem garantert tilbake:-) Vel heime i ni tida, slokna eg på sofaen.

Onsdag var det vitengarden og Hå prestegard. Veldig kjekt å få utforska Jæren. Etterpå vart det trening og så kom eg heim til biffmiddag og vin. Kjekt å ha besøk av svigers!!

torsdag 17. juli 2014

10 år!

Tenk i dag er det 10 år sidan eg gifta meg med Thomas. Tida går så altfor fort, men samtidig er det skjedd utruleg mykje desse åra. Eg har verdens beste familie og er så glad for at det vart oss to.

Me feira dagen i går med tur til Stavanger og middag der.  Flott vær og masse liv, hadde heilt glømt kor koseleg det er i byn.

I dag er det skikkeleg innevær, men eg har god bok og snacks i skapet så skal nok få dagen til å gå. I tillegg har eg time på Elixia seinare, så då får eg ta ut energien der.....

Ha ein fin dag!