lørdag 29. november 2014

Londontur

Lenge sidan siste oppdatering, men tida strekk ikkje til. Hausten har gått så fort. Stort sett mykje program både veker og helger. Men me stortrivs og kosar oss masse på Jæren.

Forrige torsdag reiste heile familien til London. Me hadde 6 knalldagar i London.
Etter mykje styr med hotellbookinga(kjem ikkje til å nytta hotell.no meir) fann me til slutt rom sjølv i Paddington.  Lite rom, men me hadde jo ikkje tenkt å vere der så mykje. 

Fredag var me på shoppingsenter, museum og Regent street , Lørdagen på "sea life" og i Covent garden .Lukas var heilt fascinert av haiane, så då var det verdt 40 min i kø.  Søndagen var det kamp Crystal Palace mot Liverpool. Dårlig vær, men knallstemning på stadion. Etter kampen åt me middag med kjentfolk frå Tromsø som me møtte på heilt tilfeldig i Oxford Street:-)

Mandagen var me på Warner Bros sitt filmstudio i Watford der dei filma Harry
Potter. Veldig bra opplegg med film, kulisser og effekter. Lukas kjøpte med seg tryllestav og jammen fann me ikkje eit par julepresanger der og:-)

Tysdagen tok me ny tur til Westfield for julepresangshopping.  Vart litt av det og mest juleshopping til oss sjølve:-) om kvelden tok me fly heim att.Litt godt å komme tilbake i eigen seng....... men London var fantastisk.

Denne helga var det årsfest i Bryne FK fredagen og i dag har me feira Thomas heime.  I morgon vert det stille og rolig. Første lys skal tennast og så vert det pepperkakehuslaging. Gleder meg til adventstida, i fjor forsvann Desember i flytting og vasking så dette året skal den nytast:-)

God advent til alle sammen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar