søndag 29. september 2013

Høstferie!

I Tromsø har ein berre to dagar høstferie,men til gjengjeld har ein hatt strålande vær.

Besta kom nordover til ferien så me har nytta findagane til å vise ho nokre av toppane me har vore på.

Fredag var eg,besta,Nora ,Isak og Lukas på rødtinden. Flott vær og kos med bål og marshmallows.........
På ettermiddagen reiste Isak på treningsleir til Bardufoss med langrennsgruppa.

Lørdag var det shopping og polaria på jentene og Lukas. Mens Thomas var travelt opptatt med keeperskule.

I dag har eg, Lukas og besta vore på nattmålsfjellet i kaldt men fint vær. Etterpå kom me heim til knallgod søndagsmiddag og så baka Lukas muffins  til dessert.

Me avslutta dagen med TILkamp. Nytt tap dessverre,men me har trua........

fredag 20. september 2013

Londontur og kamp

På onsdag fekk eg og gutane vere med Thomas og TIL når dei skulle spele mot Tottenham. Nora vart ikkje med men fekk seg nokre dagar hjå venninna Charlotte .

Me flaug til Luton utanfor London og var framme på hotellet på formiddagen.
Etter å ha innkvartert oss på hotellet i Theobolds park stakk eg og Lukas med resten av fotballfruene inn til Oxford street. Masse kjekt i butikkane,men då Lukas ikkje var så interessert, så vart det mest cafe.( dei har heldigvis masse kjekt å shoppe på "Starbucks" og)

Utpå ettermiddagen møtte eg Jori,som no bur i London. Veldig lenge sidan sist,så møtet vart så altfor kort. Men kjempekoselig å sjå ho att.


















Jori tok oss med på Sushi-restaurant . Fantastisk god sushi og eit ganske flott akvarium, så Lukas hadde litt underholdning.

Torsdagen var det kamp,men me rakk både fotballskoshopping og lunsj i Enfield før me drog til White hart lane.
Kjempestemning på stadion og veldig rart å sjå Thomas på banen(under oppvarminga). Dessverre var Tottenham litt for gode for TIL,men kjekk kamp allikevel.

Etter kampen var det rett på bussen til flyplassen i Luton . kom til Tromsø kl. Halv seks i dag tidleg.....
Planen var att gutane skulle på skulen,men me hadde ikkje hjerte til å vekke dei (Lukas våkna ikkje før 15.30:-)
Eg var derimot på jobb halv ni,så no er det nok på tide å ta kvelden.

Ha ei flott helg!
 
 

tirsdag 17. september 2013

Ti på topp!

Mandag vart eg med Isak og langrennsgruppa på tur til Fløya. Me gjekk rett opp frå skistadion i tromsdalen til toppen av fjellheisen og jogga over fløyafjellet, ned igjen og tilbake til skistadion. Nesten halvannan time trening i flott natur og i strålande vær. Slitne og fornøgde kom me heim til nysteikte pannekaker.

Lukas og Thomas var på miniyo og etterpå på svømmekurs. Siste kurs for Lukas før han kan starte på svømmetrening:-)

I dag var det foreldremøte på meg. Mens Thomas og gutane var på joggetur til bukta for å prøve ut treningsparken.

No er det pakking,for i morgon går turen til London! for å sjå Tottenham- TIL.

Klem frå tromsø!!

søndag 15. september 2013

Neste post!


Då er me kome til søndag igjen og me har hatt ei ganske normal veke her i Tromsø.

Fotballsesongen ute for Nora og Isak nærmar seg slutten og eg har funne fram ullen til utetreningane, men sola har vist seg fram fleire av dagane denne veka.

Nora var målvakt i kampen denne veka og stod  knallbra, må vere farsgenet........
Isak sitt lag vann suverent mot Ramfjorden og har no berre ein kamp igjen.

I helga har me testa ut orientering på Tromsøya. Tromsø kommune har satt ut 100 postar på øya og laga gratis karthefter, og dei som rapporterer inn kan vinne opptil 5000,-. Ein veldig motiverande måte å gå/springe på tur. 

Lørdag hadde me med  kompisen til Isak, Christoffer, på orientering i området rundt skulen min. Og i dag har me prøvd ut postane i Folkeparken. Veldig kjekt å ha så mange flotte uteområder tilgjengelig rett i nærheten.....
Etter orientering hadde me ein liten familieturnering i Bowling ( ikkje så farleg kven som vant....), før me tok turen heim til nybakte bollar ( takk Nora!).

Ellers har me jo også vore på kamp. Endeleg seier, mot ROSENBORG! Heia TIL.
Veldig kjekk kamp, og jammen kom ikkje Lukas og Thomas på tv og på nettavisa til nordlys:-)
No er neste kamp mot Tottenham i London på torsdag, me gledar oss!!
 
Ønsker dekan ei fin veke!
 
Klem frå Tromsø

tirsdag 10. september 2013

Tida går så fort!

Då er skuleåret godt igang, tida raser avgårde og det vert lita tid til blogging.

Forrige veke var stort sett som vanleg med kampar,treningar og møter.

Men i helga hadde tilogmed Thomas fri så lørdagen tok me "badebåten" til Harstad for å besøke grottebadet.
3 timar på båt kvar veg,men mykje fint å sjå på.

Grottebadet var veldig bra og Harstad var ein koseleg by,så me var fornøgde med turen.

Søndagen prøvde Thomas fiskelukka i bukta,men det var stusseleg fangst så me må nok litt lenger vekk for å finne storfisken.

No er veka godt igang. Håpar de har hatt ein fin start på veka.

søndag 1. september 2013

Vått og varmt

Denne veka var eg på teltur i tromsdalen med basen min. Regnet hølja ned stort sett heile døgnet, men god stemning allikevel.



Ellers ei vanleg veke for ungane med kampar og treningar. Lukas byrja denne veka på mini yo,breakdance som var stor suksess.........


Thomas reiste til Istanbul på onsdag for å spele mot Besiktas. "gutane" tapte men gjekk allikevel vidare til gruppespel:-) og skal møte Tottenham denne hausten. Vert såleis eit ekstra spennande år for Thomas.
Denne helga er Thomas i København på kurs, men resten av gjengen koser oss i Tromsø.
I dag var eg og Lukas på sommarøya og koste oss i sola. Utruleg flott plass. Nydelege sandstrender overalt. Lukas gjekk på skattejakt og fekk med ein fin samling heim.

No har me sett 1.omgang av Fløya- Voss før me sett kursen mot Alfheim og TIL- Hønefoss.
Heia heia!

Håpar de har hatt ei fin helg. Klem