søndag 15. september 2013

Neste post!


Då er me kome til søndag igjen og me har hatt ei ganske normal veke her i Tromsø.

Fotballsesongen ute for Nora og Isak nærmar seg slutten og eg har funne fram ullen til utetreningane, men sola har vist seg fram fleire av dagane denne veka.

Nora var målvakt i kampen denne veka og stod  knallbra, må vere farsgenet........
Isak sitt lag vann suverent mot Ramfjorden og har no berre ein kamp igjen.

I helga har me testa ut orientering på Tromsøya. Tromsø kommune har satt ut 100 postar på øya og laga gratis karthefter, og dei som rapporterer inn kan vinne opptil 5000,-. Ein veldig motiverande måte å gå/springe på tur. 

Lørdag hadde me med  kompisen til Isak, Christoffer, på orientering i området rundt skulen min. Og i dag har me prøvd ut postane i Folkeparken. Veldig kjekt å ha så mange flotte uteområder tilgjengelig rett i nærheten.....
Etter orientering hadde me ein liten familieturnering i Bowling ( ikkje så farleg kven som vant....), før me tok turen heim til nybakte bollar ( takk Nora!).

Ellers har me jo også vore på kamp. Endeleg seier, mot ROSENBORG! Heia TIL.
Veldig kjekk kamp, og jammen kom ikkje Lukas og Thomas på tv og på nettavisa til nordlys:-)
No er neste kamp mot Tottenham i London på torsdag, me gledar oss!!
 
Ønsker dekan ei fin veke!
 
Klem frå Tromsø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar