søndag 27. oktober 2013

Kulturuke

Då er det søndag igjen og på tide med ein liten oppsummering.
Thomas reiste til Moskva på onsdag og vidare til Oslo på fredag for ny bortekamp.Han kjem heldigvis heim i kveld.
Nora har hatt ei travel veke på skulen og har nytta helga til å hjelpe meg med førebuing til Hallowenfest. ( etter fleire år med sterk motstand mot hallowenfeiring må eg gje opp og er kome med i festkomiteen på skulen.....)
Isak har vore masse på ski og hadde pianokonsert på lørdagen. Lørdag var det også avslutning av utesesong for fotballaget. Pizza og fotball på Alfheim.
 

Eg har også hatt travel veke på skulen,men torsdag fekk eg med meg revyen. Såå flinke elevar eg har!!!


I helga har me fulgt isaken på lørdagen og i dag har eg og gutane kost oss  på ski,i strålande sol og fine løyper.


No er det kamp!!!! Heia TIL!
Klem frå Siri

torsdag 24. oktober 2013

Tanken som teller....

I dag fekk eg hentelapp i posten. Sikker på at det var Nora si årbok svippa eg innom posten i kveld.

Pakken var frå fam. Giljarhus Storheim. Dei hadde laga bok om ferien sin her oppe.

Utruleg flott bok, med masse gode minner. Me er utruleg heldige som har så flotte venner.

Med gråten i halsen og skikkeleg heimlengsel tok eg turen vidare til skulen og revy.

No sitt eg med boka på fanget og ser Kari Traa leikane......
Berre 7veker til juleferie!

Sender ein stor klem til alle kjente!
Siri

onsdag 23. oktober 2013

Vinterstemning

Då er det skikkelig vinter i Tromsø. Masse snø og minusgrader. Mandag laga Nora og Lukas snølykter i hagen, kjempekoselig.
I dag var eg og Lukas på første skituren for sesongen. Isak var på langrennstrening. Nykjørte spor og kjempestor og flott måne å sjå på. Då  var det kjekt å vere ute sjølv for ein frysepinn som meg.
Thomas reiste til Moskva i dag tidleg og vert vekke til Søndag, så då er eg litt fotballenke framover.....
Ha ein fortsatt fin onsdagskveld!
Klem

søndag 20. oktober 2013

Fotballfrelst familie!

Rekk akkurat å skrive litt om veka som er gått mens eg ventar på flyet til Thomas.
Lukas har venta leenge på å få sin eigen fotballtrening og denne veka var fyrste trening. Lukas la fram klede og sko to dagar før trening og var ferdig påkledd fleire timar før treninga starta.......
Masse ivrige smågutar på laget,gledar meg til fyrste kamp.
Ellers har det kome mykje snø her oppe. Isak hadde fyrste treningane sine på ski for sesongen og er ganske nøgd med den tidlege vinteren.
I helga reiste Thomas til Danmark for å avslutte keepertrenerkurset.Han fekk heldigvis fredagen heime og alle ungane fekk seg ei fotballøkt i Fløyahallen før kveldskosen var klar.

Eg og gutane har vore mykje med Hanne, Christoffer og Noah. På lørdagen bytta eg Isak mot Noah slik at Lukas endeleg fekk kompis på overnatting. Me var fyrst i byn og koste oss og mammene fekk overtalt gutane til å leige film som passa"alle". Etter film og vaflar gjekk turen til Fløyahallen for litt fotballleik.
Nora fekk med seg kampen mot Viking (endeleg vann TIL igjen), etterpå baka ho muffins til heile gjengen og etter lang kveld med mykje aktivitet sovna gutane raskt.
Sjølv om snøen er komen er gutane ikkje klare for fotballferie så i dag har me også vore i fløyahallen.
På ettermiddagen skulle Lukas i bursdag og Isak vart heime og baka bollar.
No er det henting og så får me ta kvelden. Ny veke snart igang.
Ynskjer alle ei god start på veka!!

søndag 13. oktober 2013

Tiddelibom

I dag når me våkna var det SNØ på verandaen. Må innrømme at eg ikkje er heilt klar for kulde og snø,så satsar på at me får nokre veker til før snøen legg seg.
Denne veka har det vore vått og kaldt så me tenner lys og drikk kakao inne.
I helga har Thomas hatt fri,så heile familien har kost oss ilag med frisørbesøk,vitensenter,fotball i Fløyahall,film og baking.
I dag fekk Thomas lagt om til vinterdekk mens eg og Lukas vaska bilane. Eg fekk også prøvd ut ny oppskrift på skillingsbollar utan kveitemjøl. Iogmed at eg tåler kveite dårleg har eg ikkje fått baka bollar på ei stund,men no blir det bollar......
No har thomas og ungane sett på film. Eg fekk retta 45 matteprøvar og er klar for ny veke på jobb.
Håpar de har det bra!
Klem.

søndag 6. oktober 2013

Hastig høst

Då er ei travel veke over . No er hausten komen og det vert stadig mørkare i Tromsø, heldigvis er det enno ei stund til mørketida sett inn.

Denne torsdagen møtte TIL laget Sheriff og spelte uavgjort på Alfheim. Skikkelig godstemning når dei tok leiinga,men dessverre rauk seieren på slutten.

Lørdag var det Bjerkakerdagen på Bjerkaker skule. Thomas og eg var med gutane på skulen frå 9-14. Masse kjekke aktivitetar og 1 time solidaritetsjogg for SOS barnebyer på slutten av skuledagen. Isak jogga 1mil , mens Lukas nøgde seg med 4 rundar.

Etter joggen fulgte eg Thomas på flyplassen før eg stakk innom Hanne (fotballfrue som bur i nærheten) for ein kopp te.

Lørdagskvelden hadde Isak ein kompis på overnatting og Nora hadde to venninner på overnatting så det vart ein sein kveld........ Men alle våkna blide og fornøgde på søndagen.


I dag var eg og Lukas på fridrettens dag ilag med Hanne og Noah. Gutane var kjempeivrige og sprang sikkert 10 sekstimetere.
Etterpå kjørte me heim til oss og laga vafler. Mens gutane såg film,fekk mammene god tid til å mase.

Heile gjengen var nokså trøtte idag så resten av kvelden har vore ganske roleg med film og kamp på tv.Dessverre vart det ikkje poeng for Tromsø i dag, men me har fortsatt trua.

No har gutane tatt kvelden og eg vurderer å gjere det samme.
I morgon er det ny veke og masse kjekke aktivitetar, blant anna er det foreldremøte for det nye fotballaget til Lukas, gjett om han gledar seg til å starte opp:-)

Onsdag har Pappen bursdag- gratulerer på forskudd!!!

Håpar de får ei fin veke! Klem frå Tromsø