søndag 23. mars 2014

Mange baller i lufta

Då er det på tide med ukas oppsummering. Dagane er stort sett fylt med arbeid og fritidsaktivitetar. Thomas var på La Manga fram til torsdag  og kom heim med sydenfarge og fine presangar til heile gjengen. Veka har gått fort og ungane er kjempeflinke å hjelpe til,men det var utruleg godt å få han heim.

På lørdagen var Nora 14år!!! og me starta dagen med sang,pakkar og frukost på senga.
Utpå formiddagen kom svigers på besøk og me tok lunsj på Jordbærpikene. Kylling og baconsalaten kan anbefalast:-)
Nora fekk bursdagssang og dessert hjå betjeningen,litt pinleg for ein fjortis men veldig moro for oss rundt.

Isak hadde første økt på fotballtreningshelg.Dei avsluttar innesesong med treningshelg og turnering.

Søndag var det min dag men etter roleg frukost drog me til Voll for å sjå på Lukas som var med på håndballturnering. Han var kjempeflink både utanfor og inni målet.

Ser no at med tre(fire) aktive fotballspelarar  og to av dei på håndball og,så vert det stort sett "ball" i helgene. Men veldig kjekt å sjå på,så då skal eg ikkje klaga.

Etter turnering var det pizzafest og kaker. Sjur og Tobias kom frå Stavanger for å vere med,så ungane koste seg med leikar heile ettermiddagen.

Resten av kvelden gjekk til pakking og retting. For neste veke skal eg på leirskule med klassen min på Knaben og det er meldt strålande vær!!!

Takk for oppmerksomhet og omtanke på bursdagen. Klem

søndag 16. mars 2014

Kake i ein kopp

Då er det gått enno ei veke med masse aktivitet på Bryne. Thomas reiste til La Manga på torsdagen. Det er visst strålande sol og Thomas er veldig fornøgd med oppholdet sålangt.

Eg var på instruktørkurs på Elixia onsdagen. Det er alltid kjekt med nye impulsar og fekk masse gode tips eg tek med meg vidare.
Ellers har eg gjort unna foreldresamtalar denne veka. Kjekt med alt som er gjort!

Fredag leverte eg Isak på treningscamp i håndball med overnatting og turnering. Veldig bra opplegg og sjølv om han var ganske sliten på lørdagen hadde det vore veldig kjekt.

Nora feira 14års-dag med jentene i klassen på lørdagen. Så ho var tidleg oppe og igang med baking osv. Eg tok med Lukas og ein kompis på sykkeltur. Ved Sandtangen møtte me på eit  svanepar. Utruleg flotte fuglar.
Etterpå testa me ut bollane på jærbakaren,som smaka fortreffeleg:-)

På kvelden ville Nora ha huset for seg sjølv og jentene,så då tok eg med Lukas og ein kompis på kino. Me såg "doktor Proktor" som var kjempemorsom. Etterpå vart Lukas med kompisen heim og overnatta der.

I dag har Isak spela turnering i Håndball,så me var tidleg oppe. No har eg installert meg i sofaen med ny bok og "cake in a cup". Funksjonell mat har posjonsposar med kakemiks som er ferdig etter 1minutt i mikro. Perfekt for oss som er glad i søtt men vil vere litt sunn etter mange utskeielsar på lørdagen:-)
Ha ein fortsatt fin søndag!
 
Fekk presang frå Nora denne veka T&S - ho har laga dei sjølv. Takk vennen! 

søndag 9. mars 2014

D.I.Y og andre aktivitetar



Ny aktiv veke i flott vårvær på Jæren. Denne veka hadde eg første spinningtime på Elixia. Så kjekt å vere instruktør igjen:-) Fekk masse gode tips etter timen frå "spionen" frå Elixia så dette vert bra!

I helga kom eg meg endeleg på Stoffogstil, her handla eg inn til vimplar og korger.Ikkje ofte eg får tid til "do it yourself " prosjekt,men for ein inspirerande butikk!!
Etterpå rakk me innom IKEA,så då fekk stova ein etterlengta oppfrisking. Etter fleire år med turkis var det på tide å prøve noko nytt.

Nora fekk seg lugg lørdag, kjempefint men ho vart så voksen.... Tenk at ho er snart 14!

Lørdagskvelden laga Isak Fajitas til heile gjengen. Knallgod!! Nora var i bursdag, men me andre koste oss med James Bond.

Thomas har jobba litt i helga. Pensjonistfest fredag. Kamp lørdag(dessverre tap....) og i dag tidleg var det samling med jentekeeperar.

Symaskina er flittig brukt heile helga, for å lage bursdagspresang til Kaja,men me rakk og å vere med på friidrettens dag,samt "familietriathlon" langs Frøylandsvatnet for meg og Thomas og gutane.
No er det retting og førebuing til neste veke.  Fortsatt fin søndag!!




lørdag 1. mars 2014

Vinter og vår

Vinterferien går mot slutten og det var kjempekos med ferie på Voss. Alltid kjekt å sjå familie og venner igjen. Hjå svigers kom også Øystein,Janne og ungane oppover,så det var fullt hus og skikkeleg feriestemning.  Fredagen fekk eg også sett nye kjøkkenet til Inger Helen,som var kjempeflott. Lukas har gleda seg voldsomt til å sjå Augusten igjen.Så då var det kjekt at dei fekk litt tid ilag.

Lørdagen var me på middag hjå Siri og Trond. Siri diska opp med heimelaga pizza,som smaka veldig godt. Timane berre flyg når me er ilag og eg gleder meg allerede til meir kos i påsken.....

Søndagen tok eg toget til Bergen for å besøke den nydelege niesa mi Kaja. Ho er allerede eitt år og sjølv om året har gått fort er det trist å vere så langt unna.
På Askøy fekk eg masse kvalitetstid med systo og familien. I tillegg vart det fleire turar med hunden og det er jo koseleg. Pappa og mamma har besøk av Nora,så dei stakk også innom på Askøy.

Mandagen kom Thomas til bergen og me fekk oss ein koseleg date på Zupperia før han tok turen til Cardiff med keeperane sine. Dei skulle på studietur/ treningstur for å sjekke ut engelsk keepertrening  fram til fredag.

Tirsdag kom eg meg på ski igjen, men nysnøen frå fredag var skifta ut med plussgrader og påskeføre i løypene. Rart at det kan skifte så fort. Spørs om det vert ski i påsken om dette fortsett.....

Ellers har eg nytta veka til tannlegebesøk og praktiske gjeremål. Greitt med litt fridagar til sånne ting også.

Torsdag kjørte eg og gutane tilbake til Bryne. Gutane er supertolmodige så turen gjekk faktisk ganske fort. Litt over 5timar tok det,og då var det mykje vegarbeid og venting på turen. Så det er berre å ta turen!

Fredagen kom Thomas heim!!! Og me feira med bowling  og god mat. Alle fekk fine presangar også,så det er ikkje så dumt med desse utanlandsturane:-) Me tenkte også at me kunne prøve ut cafeen i høghuset(ja,det er altså eitt høgbygg i Bryne som ruvar i landskapet) men der var det stengt,så då vart det fransk cafe på Garborgsenteret istaden.

I dag har Kaja 1årsdag og eg og Thomas har 17års jubileum!! Men dårleg med feiring då Bryne møtte Viking til treningskamp.

Eg og gutane har hatt "familietriathlon". Isak på rulleski,Lukas på sykkel og eg jogga. Flott tur langs Frøylandsvatnet i strålande solskinn. Her e det vår!

No er det som vanleg lørdagskos i sofaen med James Bond på tven.Håpar de har ei fin helg!