lørdag 1. mars 2014

Vinter og vår

Vinterferien går mot slutten og det var kjempekos med ferie på Voss. Alltid kjekt å sjå familie og venner igjen. Hjå svigers kom også Øystein,Janne og ungane oppover,så det var fullt hus og skikkeleg feriestemning.  Fredagen fekk eg også sett nye kjøkkenet til Inger Helen,som var kjempeflott. Lukas har gleda seg voldsomt til å sjå Augusten igjen.Så då var det kjekt at dei fekk litt tid ilag.

Lørdagen var me på middag hjå Siri og Trond. Siri diska opp med heimelaga pizza,som smaka veldig godt. Timane berre flyg når me er ilag og eg gleder meg allerede til meir kos i påsken.....

Søndagen tok eg toget til Bergen for å besøke den nydelege niesa mi Kaja. Ho er allerede eitt år og sjølv om året har gått fort er det trist å vere så langt unna.
På Askøy fekk eg masse kvalitetstid med systo og familien. I tillegg vart det fleire turar med hunden og det er jo koseleg. Pappa og mamma har besøk av Nora,så dei stakk også innom på Askøy.

Mandagen kom Thomas til bergen og me fekk oss ein koseleg date på Zupperia før han tok turen til Cardiff med keeperane sine. Dei skulle på studietur/ treningstur for å sjekke ut engelsk keepertrening  fram til fredag.

Tirsdag kom eg meg på ski igjen, men nysnøen frå fredag var skifta ut med plussgrader og påskeføre i løypene. Rart at det kan skifte så fort. Spørs om det vert ski i påsken om dette fortsett.....

Ellers har eg nytta veka til tannlegebesøk og praktiske gjeremål. Greitt med litt fridagar til sånne ting også.

Torsdag kjørte eg og gutane tilbake til Bryne. Gutane er supertolmodige så turen gjekk faktisk ganske fort. Litt over 5timar tok det,og då var det mykje vegarbeid og venting på turen. Så det er berre å ta turen!

Fredagen kom Thomas heim!!! Og me feira med bowling  og god mat. Alle fekk fine presangar også,så det er ikkje så dumt med desse utanlandsturane:-) Me tenkte også at me kunne prøve ut cafeen i høghuset(ja,det er altså eitt høgbygg i Bryne som ruvar i landskapet) men der var det stengt,så då vart det fransk cafe på Garborgsenteret istaden.

I dag har Kaja 1årsdag og eg og Thomas har 17års jubileum!! Men dårleg med feiring då Bryne møtte Viking til treningskamp.

Eg og gutane har hatt "familietriathlon". Isak på rulleski,Lukas på sykkel og eg jogga. Flott tur langs Frøylandsvatnet i strålande solskinn. Her e det vår!

No er det som vanleg lørdagskos i sofaen med James Bond på tven.Håpar de har ei fin helg!

2 kommentarer:

  1. Jag får verkligen jobba för att förstå norskan, hehhehe men jag tror jag fått med det mesta! Kul verkar ni haft i alla fall ;) Kram

    SvarSlett
    Svar
    1. He he. Bra at eg kan lære deg litt kvalitetsnorsk(nynorsk) synes du greier deg bra. Me kan eventuelt legge inn eit lynkurs når eg kjem til Tromsø. Håpar du har hatt ein fin dag. Klem

      Slett