torsdag 17. juli 2014

10 år!

Tenk i dag er det 10 år sidan eg gifta meg med Thomas. Tida går så altfor fort, men samtidig er det skjedd utruleg mykje desse åra. Eg har verdens beste familie og er så glad for at det vart oss to.

Me feira dagen i går med tur til Stavanger og middag der.  Flott vær og masse liv, hadde heilt glømt kor koseleg det er i byn.

I dag er det skikkeleg innevær, men eg har god bok og snacks i skapet så skal nok få dagen til å gå. I tillegg har eg time på Elixia seinare, så då får eg ta ut energien der.....

Ha ein fin dag!

søndag 13. juli 2014

Orrestrand og Topp 4

Denne helga har det vore sydenvær på Bryne og fredag var me på Orrestrand med Joveig og nokre venninner. Det var akkurat som i syden . Me er utruleg heldige som har desse strendene rett ved sida av oss.

Lørdag var det ranglerock og me fekk med oss barnekonsert med Casio kids. På ettermiddagen sykla eg , Thomas og Isak rundt Klepp stasjon og opp til Tinghaug. (Høgaste punktet på Bryne;:-))

I dag var me klare for fjerde toppen denne sommeren.  Me kjørte til Lye og gjekk opp til Varden,  som ligg 274m over havet ( høgt for å vere på Jæren:-))Kort tur men Flott utsikt på toppen. På veg ned gjekk me gjennom ein ny leikeplass og rakk ein internkamp i ballbingen.

No er me klare for finale! God søndag!!

Vestlandsferie

Dei to siste vekene har me vore heimover til Voss og Bergen.

Starta på hytta på Radøy. Nydeleg vær, fisking, padling, soling, trening og avslapning. Knallstart på ferien:-)
Isak var med Tromsølaget til Piteå på turnering. Dei hadde hatt ein flott tur og kom heilt til kvartfinale!!

Etterpå gjekk turen til Bergen og Fyllingsdalen før me reiste heim til Voss.

Etter nokre dagar på Voss , for me til fjells med alliansegjengen. Siri hadde lånt hytta på Hodnaberg og me storkoste oss med turar, fisking, bading og masse god mat.
Alltid like kjekt når me møtest og me gleder oss allerede til neste tur:-)

No er me tilbake på Bryne og ser fram til varme dagar på strendene og avslapning før me skal på Lyngdalcup.