tirsdag 10. september 2013

Tida går så fort!

Då er skuleåret godt igang, tida raser avgårde og det vert lita tid til blogging.

Forrige veke var stort sett som vanleg med kampar,treningar og møter.

Men i helga hadde tilogmed Thomas fri så lørdagen tok me "badebåten" til Harstad for å besøke grottebadet.
3 timar på båt kvar veg,men mykje fint å sjå på.

Grottebadet var veldig bra og Harstad var ein koseleg by,så me var fornøgde med turen.

Søndagen prøvde Thomas fiskelukka i bukta,men det var stusseleg fangst så me må nok litt lenger vekk for å finne storfisken.

No er veka godt igang. Håpar de har hatt ein fin start på veka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar